Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

MOSTERHAMN

Moster Amfi

Moster Amfi er eit kultur-og opplevingssenter på historisk grunn på Moster i Vestland.

Her kan du oppleve historia om når kristenretten vart innført i Noreg og besøkje Olav Tryggvason si kyrkje. I tillegg arrangerer dei ei rekkje kulturopplevingar både på utendørsscena, i amfisalen og i kafeen.

Snorres Kongesoger fortel at Moster på Bømlo var første staden Olav Tryggvason gjekk i land då han kom til Noreg i år 995 for å kreve kongetrona og innføre kristendomen. Kong Olav den Heilage kom deretter til Mostratinget i 1024 og presenterte Kristenretten for første gong i landet, lovverket som erstatta dei norrøne lovene og som er grunnlaget for vårt moderne lovsystem. Moster gamle kyrkje - ei av dei eldste steinkyrkjene i Norge, og Mostraspelet har fortald soga om desse kongebesøka på Moster i det vakre Moster Amfi. I 2016 var det urpremiere på det nye Mostraspelet, I slik ei natt, med regi av Svein Tindberg. Bømlo Teater står bak produksjonen. 

På den vakre friluftsscenen er det sitjeplass til 1000 tilskodarar. Her kan du oppleva Mostraspelet, musikalar og konsertar.

Dei to Mostraspela skildrar dramatiske brytingstider i Noregssoga, då Moster stod i sentrum for viktige historiske hendingar. I nokre timar vert publikum dregne attende i tida, og blir vitne til korleis desse store omveltingane i samfunnet også sette sine spor i einskildmennesket. Nasjonalhistoria vert gjort levande på historisk grunn av Bømlo Teater som har sett opp desse sogespela sidan 1984.

«Kristkongane på Moster» av Johannes Heggland hadde premiere i 1984 og vart vist kvart år fram til 2013 og i 2015.

«I slik ei natt» av Svein Tindberg hadde premiere i 2016. I over 30 år har Bømlo Teater samla nesten 100 aktørar og musikarar på utescenen til historiske dagar i Moster Amfi for å framføra Mostraspelet.


Moster Amfi har ope tysdagar kl 12-15 og onsdagar kl 12-16. Dei har også ope på førespurnad ettermiddag/helg heile året. Ta kontakt med Moster Amfi for nærare info! Sjå nettsida til Moster Amfi for program og opningstider.



Inne i Moster Amfi ligg utstillinga "Frå heidendom til kristendom", ei tankevekkjande vandring gjennom den norrøne mytologien, samfunnet i vikingtida og overgangen til kristen tru og livsforståing. Her finn du òg bergverksutstillinga "Steinriket Bømlo", som skildrar Bømlo si spennande bergverkshistorie.



I Amfisalen blir det heile året arrangert intimkonsertar, teater, utstillingar, foredrag og selskapsarrangement. I Amfikafeen vert det servert bl.a. vikingsodd og nysteikte vaflar.  

Billettar til omvising og utstillingar kan ein kjøpe i Amfikafeen.

 

Last updated: 02/22/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Moster Amfi

Sider du nylig har besøkt