Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Mosterhamn

Moster Gamle Kyrkje

Moster gamle kyrkje er truleg blant dei eldste steinkyrkjene i landet. Omvisning i Moster gamle kyrkje inngår i omvisningane på Moster Amfi.

Snorre Sturlason fortel i Kongesogene at Olav Trygvason let byggja ei kyrkje på Moster då han kom til Noreg i år 995. På denne staden ligg Moster Gamle Kyrkje, og denne steinkyrkja har rundt 100 sitjeplassar.

Veggane er 1.1 meter tjukke, og kyrkja har to rom (eit skip og eit kor). Innvendig har kyrkja etter-reformatisk dekor, og det er rissa inn mange bumerke og runer både på døra og på veggane. På veggane er det kalkmåleri frå 1600-talet. Kyrkja er ein av dei enklaste kyrkjebygningane i landet, og har berre  klebersteinssokkelen som utvendig dekor.
Golvet er no av tre, men har tidlegare vore hellelagd og truleg var det berre jordgolv før det igjen.

Det gammal-lutherske kyrkjerommet er godt bevart. Dette er noko av det som gjer kyrkja på Moster så spesiell.


Eigarar av kyrkja er Fortidsminneforeningen avdeling Hordaland.

Last updated: 01/29/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Moster Gamle Kyrkje

Sider du nylig har besøkt