Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Florø

MS Atløy

Leig veteranbåten MS Atløy til blåturar, familieturar, fisketurar eller andre turar der du ønskjer ei spesiell ramme.

M/S Atløy vart bygd hos Bergens Mekaniske Verksted i 1931, og gjekk fram til 1976 i fart for Fylkesbaatane med gods og passasjerar mellom fjordane i distriktet og Bergen. I dag er det berre Atløy som er igjen av desse skipa og ho er verna av og mottar støtte frå Riksantikvaren. Båten vart dessutan kåra til landets best vedlikeholdte veteranskip av Forbundet Kysten i 2003! Du kan no leige M/S Atløy til blåturar, familieturar, fisketurar eller andre turar der du ønsker ei spesiell ramme. Atløy har sertifikat for inntil 60 passasjerar og har skjenkeløyve for øl og vin. Servering av mat på bestilling.

For meir informasjon kontakt båten på tel: + 47 900 51 867, eller sjå www.atloy.no for turforslag og prisar.

Last updated: 09/11/2023

Source: Visit FjordKysten

MS Atløy

Sider du nylig har besøkt