VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland VOSS

MTB - Kurs for damer

  • Evangervegen 14, Voss
  • +47 45971515
  •  /  km From You
Overview

Ride like a girl! Det er noko spesielt med å sykla saman med berre jenter, og det vil vi dele med deg

Hos Outdoor Norway brenn vi for å få fleire damer i sykkelmiljøet både i Noreg og internasjonalt. Bli med på kurs med ei positiv, inkluderande og støttande gruppe med likesinna damer som er her for å ha det gøy, få nye venner, sykla nokre episke stiar og få meir sjølvtillit og ferdigheter på sykkelen.

Kurset vert leia av ein sertifisert instruktørar og går over ein dag. Vi skreddarsyr alle kursa for å tilpassa alle nivå, frå nybegynnarar til ekspert. Så uansett erfaring eller treningsnivå garanterer vi at du vil få litt ny kunnskap, forbetra teknikken og ha ein strålande dag.

MTB kurset vil dekka det grunnleggande innan terrengsykling, som kroppsposisjon, stabilitet, kontroll og sving. Det vert god tid til å finjustera ferdighetene dine før vi prøver oss på litt meir avanserte teknikkar og øvelsar.
Etter kurset vil du kunne sykla brattare og i meir teknisk utfordrande terreng, i tillegg til små "drops". Klarar du å løfta framhjula og bakhjula uavhengig, kan du komme deg over alle hindringer på stien.

Vi vil og introdusera deg for "pumping", som er ein viktig teknikk som blir brukt til å halda oppe momentum, flyt og fart. Er du litt meir eventyrlysten og ønsker å skyva grensene litt er dette kurset for deg.

KURSDATOAR
27. juni
2. juli
8. august

PRIS
950 NOK per person
* Fulldempet terrengsykkel og vernutstyr kan leigast hos oss mot ein ekstra kostnad på 450 kroner for ein heil dag (hjelm og hanskar inkludert). Ta direkte kontakt med Outdoor Norway om du ynskjer å leiga sykkel.

INKLUDERT
Internasjonalt sertifisert MTB instruktør
Transport til løypene.

PROGRAM
10:00 Oppmøt og introduksjon @Outdoor Norway Base
10:15 Sjekk av sykkelen
10:45 Oppvarmingstur/Gruppevurdering, stisykling og trening!
13:00 Lunsj
13:30 - 16:00 Sykling! Guida gruppetur/leksjon

TA MED
Fulldempet terrengsykkel anbefales
Hjelm og hanskar
Liten ryggsekk
Vatn og snacks
Lunsj
Varme lag viss det er kaldt eller mykje vind
Vanntett jakke viss det er fare for regn


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss

Opening hours

10. mai til 25. juni

10:00 - 16:00



26. juni til 21. august

09:00 - 18:00



22. august til 17. oktober

10:00 - 16:00
See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages