Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Overview

Muldalsfossen er ein av dei høgste fossane i landet med eit fritt fall på nesten 200 meter. Men på grunn av vasskraftutbygging på slutten av 1950 talet og framover har vassmengda i fossen minka mykje.

Turen opp til fossen, som ligg mellom tunnelane til Tafjord, går etter god turveg som vart opparbeidd på slutten av 1800-talet. Vegen slyngjer seg i 13 svingar om lag 2 km oppetter bratte lia, som for øvrig er eit naturreservat for edellauvskog. Turen opp tek om lag 1 time.

Vel oppe flatar landskapet ut, og her ligg to fråflytta gardsbruk med store våningshus og løer som er plassert fram på kanten til den hengande dalen Muldal.

For å sjå fossen i skikkeleg panorama må ein følgje turvegen som går mellom husa og ned langs ein sti på andre sida av der ein kom opp. Her vil ein kome til eit utsiktspunkt med rekkverk som også vart etablert rundt 1890.

Frå Muldal har ein eit godt utgangspunkt for vidare ferdsel innover i fjellet på godt merka stiar.

Om vinteren med lange kuldeperiodar er fossen eit ynda objekt for fosseklatring (isklatring) for erfarne isklatrarar.


  • Last Updated:
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Click to activate
Norddal, Norway
The latitude and longitude
62° 15' 21" N / 7° 26' 0" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad