





Ved museet i Eidsborg visar museumsbonden tradisjonelt jordbruk i sesong kvart år!
Daniel Høstberger er til dagleg bonde i Modalen i Tokke der han driv gard etter gamle prinsipp. Han brukar gjerne hest og eldre utstyr framfor maskinar, mjølkar for hand og foredlar det han haustar. Om sommaren er han og hans medhjelparar i tillegg bøndar på museet i Eidsborg. Her har Daniel opparbeida fleire åkrar, der museumsbøndane sår og haustar. Daniel meiner at også moderne menneske kan lære mykje av korleis folk levde før i tida.
I løpet av sommaren kan du oppleve forskjellige aktivitetar ute på jordet eller ved husmannsplassen. Hesten vert bruka flittig mellom anna til pløying og framkøyring av tømmer.
På åkeren dyrkast ulike grønsaker og korn, som til dømes potet og gulrot, lauk og nepe, gråert og bondebønner, kålrot og kål. Her er kornåker og linåker.
Det er mange som aldri har sett ein linåker og veit heller ikkje kvar lin kjem frå. Daniel kan formidle kunnskap om gamal tradisjon knytt opp til dagens bruk av lin. Han svarar også på andre spørsmål knytt til jordbruk basert på tradisjonar og gamal kunnskap.
Kilde: Vest Telemark