Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Dalen

Museumskafé VTM Eidsborg

  • Museumsvegen, Tokke
  • +47 35069090
  •  /  km From You
Overview
Details

Med flotte, ljose lokale med utsikt mot Eidsborg Stavkyrkje er kafeen ved VTM Eidsborg ei fantastisk ramme for ein matbit eller ein kortreist middag. Ope for bestilling (grupper og selskap) heile året.

Kafeen ved VTM Eidsborg ei fantastisk ramme for ein matbit, ein middag eller eit heilt selskap. Det er fritt utsyn mot Eidsborg stavkyrkje og friluftsmuseet. Rett ved kafeen er det fleire utstillingar og ein gåvebutikk, og utanfor finn du ein 105 m lang vassførande modell av Telemarkskanalen med slusar og båtar. I nærleiken er det også fleire historiske vandreruter.

Maten blir laga på eige kjøken, og bruk av lokale råvarer er viktig for oss. På menyen vår finn du både tradisjonsmat og nye, spennande rettar i sommarsesongen.

I kafeen har me småbord eller langbord alt etter kor mange som ynskjer å sitje saman. Me har god kapasitet, og kan ta imot grupper på opptil 100 personar. Me har gode, moderne lokale for møte, kurs, konferansar og selskap. Ta kontakt med oss for tilbod, me kan arrangere møter for 2 til 60 personar.

I sesongen 2016 er det Mangt&Mykje AS som står for drifta av museumskafeen. Dei er kjende for sin velsmakande, heimelaga og kortreiste tradisjonsmat.

For meir info og bestilling av mat til grupper eller selskap, ta kontakt med Halvor (901 57 069) eller Ellen (906 18 247). Du kan også ringe direkte til museet: 35 06 90 90. Epost: post@vtm.no

Kafeen har gratis WIFI og ein innandørs leikeplass for born. Det går også an å sitte ute i sola og spise, både utanfor kafeen og i Kanalparken.

Det er også Museumskafe på Norsk Skieventyr i Morgedal!

 


  • Last Updated:
  • Source: Vest Telemark

Overnatting

Hotellfasiliteter
  • Familievennlig

Plenlegg reisen

Tjenester
  • Familievennlig
  • Gratis WiFi

Aktiviteter

Fornøyelsesparker
  • Familievennlig
Click to activate
Tokke, Norway
The latitude and longitude
59° 27' 55" N / 8° 1' 8" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad