Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Byrkjelo

Myklebustdalen

Myklebustdalen er eit dalføre som strekk seg frå Byrkjelo i Gloppen kommune og sørover til Stardalen i Jølster. Høge fjell reiser seg bratt opp frå dalbunnen; høgast rager Snønipa på 1827 moh.

Frå fjella renn fleire forskjellige elver ut i Myklebustdalen. Desse fossefalla er blant verdas høgaste. Spirefossen har eit fall på 690 meter. Strupenfossen i elva Strupen består av fleire mindre fall med ei total fallhøgde på 820 meter.

Tur i Myklebustdalen
Dette er ein lett og fin tur på ca 10 kilometer, og med ein høgdeskilnad på ca. 300 meter. Ein starter ved grind ca 200 meter frå den dyrka marka i Myklebustdalen. Første del av turen, til Myklebuststøylen går på traktorveg, vidare på rås. Turen går gjennom dalen med bratte fjellsider på begge sider. Dalelva på Myklebustsida og Veitebergelva på Stardalsida er stor av alle sideelvane. Det er mange som syklar i Myklebustdalen.

Last updated: 10/11/2023

Source: Nordfjord

Myklebustdalen

Sider du nylig har besøkt