Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Uggdal

Rundtur i Myklestadskogen på Tysnes

Ein flott rundtur i Myklestadskogen. Undervegs kan du ta av ned til ein badeplass i Kjevika.

Startpunkt og parkering

Avkjørsel ved tunellen på Uggdal.

Høgdeskilnad

0 - 48 moh.

Estimert tid

1 time.

Avstand

3,5 km. rundtur.

Turkart

Tysnes 1:50 000

Turomtale

Myklestadskogen, Tysnes. Rundløype frå parkering på Heningen i Uggdal. Turen er gradert som grøn løype og tek om lag ein time.

Høgdeskilnad

0-48 moh.

Turomtale

Følg skogsvegen til Hallgjerdsvika, passer hyttefeltet og ta skogsvegen bratt opp mot høgre. Her kan du eventuelt ta ein avstikker rett fram, ned til badeplassen og friluftsområdet i Kjevika. Følg stien til høgre inn i skogen. Etterkvart skimter du og passerer Ullstjødno. Stien går vidare over bekken og opp ein kneik. Du kjem til eit stikryss med ein benk. Ta til høgre, og følg stien til du kjem til skogsvegen som du fylgjer sørover langs Kyrkjevatnet, til Heningen.

Last updated: 01/29/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Rundtur i Myklestadskogen på Tysnes

Sider du nylig har besøkt