Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Vinje

TripAdvisor rating of 5

2

Myllarheimen

Myllarheimen er husmannsplassen der felespelaren Torgeir Augundson (1801-1872), best kjend som Myllarguten, levde dei siste åra av livet sitt.

Myllarheimen er husmannsplassen Kosi der den kjende felespelaren Myllarguten levde dei siste åra av livet sitt.

Myllarguten heitte eigentleg Torgeir Augundson (1801-1872) og vart fødd i Sauherad. Tilnamnet fekk han fordi han var son av ein myllar.

Familien var fattig og levde eit hardt og omflakkande liv. Allereie då han var fem år gamal byrja Myllarguten å spele, og han vart etterkvart ein svært ettertrakta gjestebodsspelemann.

Han spela rundt i distrikta, og møtte mange store spelemenn som han let seg inspirere av. I 1831 trefte han Ole Bull i Bergen, og Bull vart svært imponert over spelet til Myllarguten. I 1849 arrangerte Bull ein konsert i Logen i Kristiania der Myllarguten var hovudattraksjon. Konserten vart ein suksess, og Myllarguten opparbeidde seg eit stort publikum.

Men på slutten av 1850-åra snudde lykka seg. Den nasjonalromantiske perioden var på hell, og med dette også interessa for «bondespelet».

Myllarguten busette seg etterkvart i Vest-Telemark, og då han var rundt 30 år gifta han seg med Ingebjørg Eddanshaugen frå Edland. Dei fekk i alt 10 barn, men tre av desse døydde tidleg.

Kosi er husmannsplassen der Myllarguten levde dei siste åra av livet sitt, og her døydde han som ein einsam og fattig mann.

Meir om Kosi
Etter å ha tent godt på konsertar i Christiania i 1849 og i Bergen i 1850, kjøpte Myllarguten, Torgeir Augundson, Sudistog Øygarden i 1852. Nokon dugande gardbrukar og økonom var han ikkje, såleis laut han gå frå garden vel ti år seinare.

Han fekk halde att ein liten teig han kalla Kòsi, sette opp fire hus der, og budde der frå våren 1866. Stoga kom frå Bronelid, ein plass vestom Totak. Løa og eit lite bur flutte han med seg frå Øygarden. Fjos fekk han til av ei gamal badstoge einkvar stad frå.

- Reis’ i frå Øygarden, reise mot sud
lengst inn i armodi dreg eg vel no -

Seks år seinare, den 21. november 1872, gjekk Myllarguten bort. Ein pråm var heile likferda.

Plassen blei ståande ubruka, og kom etter kvart til nedfalls. Litt etter år 1900 blei stoga rivi. Det som var nyttande – some seier ein einaste stokk, andre seier meir – kom til Nordjordet lengre ut i Arabygdi og blei bygt inn i ei ny stoge der.
Denne stoga blei bruka til bustad fram til 1958. Ho blei rivi att i 1989 og stend no som anneks til ein hytteeigedom på Haddland.

I 1938 kom kunstmålaren Harald Kihle til Arabygdi. I tidsskrift for Norsk bygdekunstlag 1949 skreiv han og kollegaen Kristian Kildal ei sterk oppmoding om å taka vare på det som var att av minne etter Myllaren.

Rauland bygdekunstlag (seinare Rauland bygdelag) med Øystein Kostveit som leiar, tok opp hansken frå desse to. Ein fekk Rauland kommune til å kjøpe grunnen og det som var att av husa, buret og løa, av eigaren, Steffa Øygarden.
Ein fann det lite tenleg å bruke stoga i Nordjordet. I staden fekk ein hand om ei tilsvarande stoge, frå Glosimot i Bjålidmarki. Opphaveleg stod ho som eldhus i Nord-Svalastog på Haddland.

Det praktiske arbeidet blei utført på dugnad. Olav Midgarden, soneson av Myllaren, såg til at alt blei som det hadde vore, så langt råd var. Bror hans, Targjei Skinand, mura skorsteinen i lag med Aslak Øygarden.

Ymse eignelutar etter Myllaren blei samla inn.

Den offisielle opninga av Myllarheimen var 8. juli 1951, med 2000 menneske til stades i den veglause bygda.

Minnesmerket, som er utført av Dyre Vaa, blei avduka 24. august 1969.


Ta kontakt med Vest-Telemark Museum for gruppeomvising.

E-post:booking@vtm.no

Tlf: 35069090



Last updated: 01/02/2024

Source: Vest Telemark

Myllarheimen

Sider du nylig har besøkt