VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland VOSS

Myrkdalen Camping

  • Myrkdalsvegen 576, Vossestrand
  •  /  km From You
Overview
Details

Myrkdalen Camping er ein heilårs campingplass plassert i vakre omgjevnader i Myrkdalen.

Her bur du godt i hytter, campingvogn eller bubil. I sommarsesongen tilbyr me også teltplass.
Den flotte naturen omkring byr på spanande utandørsaktivitetar i nærmiljøet.

Myrkdalen Camping er open heile året og har i alt 11 hytter (4 nye med bad), og plass til bubilar, campingvogner og telt. Felles sanitæranlegg med dusj, toalett og grovkjøkken.

Hytter:

Gode, vinterisolerte hytter med to soverom:
Hyttene har 2 soverom med ei dobbelseng og ei enkel køyeseng på kvart rom. Plass til 6 personar.
Kjøkkenet er velutstyrt med komfyr og oppvaskmaskin.
Hyttene har gode møblar å slappe av i etter ein lang dag ute, og terrasse på to sider slik at de får både morgonsol og kveldssol. TV med Canal Digital og Wi-Fi.
Pris: Frå 1000-1500,- pr. døgn.

Gode, vinterisolerte hytter med eitt soverom:
Flotte hytter med eitt soverom og eige bad. Familieseng på soverommet, og god sovesofa i stova. Dyner og puter til 5 personar. Velutstyrt kjøkken med dekketøy til 5, komfyr og oppvaskmaskin. Store glas som gjev fin utsikt, terrasse på to sider. TV med Canal Digital og Wi-Fi.
Pris: Frå 800-1000 kr per døgn.

Enkle, vinterisolerte hytter:
Hytter med sengeplass til 4 personar, godt isolerte med varme i golvet. Eit godt alternativ for å koma seg rimeleg til fjells. 30 meter til velutstyrt fellesanlegg. Wi-Fi.
Pris: Frå 400-500 kr per døgn.

Enkle, små hytter:
Koselege små hytter med sengeplass til 4 personar. Wi-Fi.
Pris: 300 kr per døgn.

Kårhus:
Kårhus til leige oppe på garden. Koseleg hus med lyse, trivelege rom. 10 sengeplassar fordelt på tre rom, nyleg renovert kjøkken og bad.
Pris: Frå 1500 kr per døgn.

Klikk her for å bestilla hytte eller campingplass!

Telt:
I sommarsesongen kan ein setje opp telt på campingplassen.
Dusj, toalett og grovkjøkken finn ein i sanitæranlegget.
Tilrettelagt for bålkos.

Bubil:
Campingplassen har god plass til bubil og campingvogn,og har også straumuttak.


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss

Overnatting

Romfasiliteter
  • TV
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages