Dynamic Variation:
Offers
Choose Language
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Voss

Myrkdalen Fjellandsby - hytter og leilegheiter

  • Myrkdalsvegen, Voss
  • +47 47471600
  •  /  km From You
Overview

I Myrkdalen Fjellandsby kan du bu godt i hytter og leilegheiter med sjølvhushald av ulik størrelse. Alle einingane har høg standard og ligg nært skianlegget.

I Myrkdalen Fjellandsby kan du bu godt i hytter og leilegheiter med sjølvhushald av ulik størrelse. Alle einingane har høg standard og ligg nært skianlegget.

Dei fleste hyttene og leilegheitene er privateigde – innreiinga og utstyret varierer difor frå eining til eining.

Alle hyttene og leilegheitene har fullt utstyrt kjøkken, TV og oppvaskmaskin, bad med dusj/toalett og sofagrupper med salongbord.

Hjå oss kan du gjera ferien din ekstra komfortabel ved å leggja sengetøy, ved og barneseng direkte inn i bestillinga di. Nokre einingar har også vaksemaskin. I bookingprosessen kan du leggja inn førespurnad om dette, men me kan ikkje garantere at ynskjet ditt vert innfridd.

I hjarta av fjellandsbyen ligg det moderne fjellhotellet Myrkdalen Hotel. Som gjest i Myrkdalen Fjellandsby kan du nyta godt av fasilitetane på hotellet. Her er tre restaurantar, afterski og bar. Hotellet har også leikerom for dei minste og gratis WiFi om du har behov for det.

Catering
Ynskjer du å nyta eit godt måltid på hytta di? Restaurant Nuten tilbyr catering med gode rettar på menyen.

"Leig ein kokk"
Leig ein kokk er eit tilbod for deg som ynskjer å ha eit hyggeleg måltid på hytta utan å gjera jobben sjølv. Kokken lagar maten og serverer deg og dine gjester. Du kan berre lena deg tilbake og nyta.

Me har nokre hytter og leilegheiter som tillèt husdyr, ring og bestill direkte på tlf (+ 47) 47 47 16 00


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad