Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Vossestrand

Myrkdalen skiskule

  • Myrkdalen, Voss
  • +47 47471600
  •  /  km From You
Overview

Myrkdalen Skiskule tilbyr privat- og gruppeundervisning på alle nivå i alpint, park, langrenn, snowboard og telemark.

Har du aldri stått på ski før eller ynskjer du å finpussa på teknikken? Myrkdalen Skiskule tilbyr privat- og gruppeundervisning på alle nivå i alpint, park, langrenn, snowboard og telemark.


Dei legg vekt på at det skal vera moro på ski, anten du er ung eller gamal, nybyrjar eller vidarekomen, sprek eller ikkje fullt så sprek.

Instruktørane er i alle aldrar, med ulik yrkesbakgrunn i tillegg til ei solid instruktørutdanning frå Den Norske Skiskole. Skiskulen i Myrkdalen er ein av skiskulane i landet med høgast kompetanse og utdanning, noko dei er stolte av. Sjå prisar på privat- og gruppeundervisning. 

I tillegg til tradisjonell skiundervisning tilbyr skiskulen ulike kurs, aktivitetar og barnepass gjennom heile sesongen:


Aketur
Bli med på ein fartsfylt og morosam tur med snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen. Så lenge veret tillet det er det lagt opp til ein liten stopp undervegs med servering av varm drikke.

Skredkurs, langrennskurs, toppturkurs
Gjennom heile vintersesongen tilbyr mdei ulike kurs innan skredlære, topptur, langrennsteknikk og meir. 

Barnepass
Dei tilbyr barnepass på dagtid slik at mor og far kan boltra seg litt på eigenhand!


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS
Click to activate
Voss, Norway
The latitude and longitude
60° 51' 24" N / 6° 29' 30" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad