Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Voss

Nåli

  • 406 17 700
  •  /  km From You
Overview

Lett men luftig tur med fantastisk utsyn over Stalheim, Stalheimsfossen, Nærøydalen og Stalheimskleivi.

Turen til Nåli startar ved Stalheim Hotel, og følgjer delvis grusveg og delvis gode stiar. Turen tar omlag 2 timar tur/retur der du går forbi koselege gardstun og får fantastisk utsikt mot Stalheim, Stalheimsfossen og Nærøydalen verdsarvområde. Passar for turgåarar i alle aldrar. 

Det er gode informasjonskilt både ved startpunkt på Stalheim og ute på Nåli. Stigningen er på omlag 250 høgdemeter. Godt fottøy anbefalast. Retur same veg. Frå Stalheim Hotel går turen opp til Brekkegardane. Rett før første grind tek ein av til høgre, fortset ned bakken og over brua til Sivle. Vegen går vidare gjennom tunet på Sivle og så opp mot Sivleshagen, rett før Sivleshagen tar ein av og fortset på nedsida av den raude hytta og vidare inn i skogen.  Stien frå Sivleshagen og fram til Nåli er satt i god stand dei seinare åra, og er lett å finna. Husmannsplassen Nåli ligg midtvegs mellom Stalheim og Jordalen, og var bebudd og i drift fram til 1925/1930.  I dag kan ein berre sjå restar etter eit av husa. Vi anbefalar å ta med seg matpakke, og ta ein pause og nyt utsikten frå ein av dei mange storslåtte rasteplassane undervegs. Turen er merka heile vegen frå Stalheim. Lengd: 2,5 km ein veg – 2t tur/retur Stigning: 250 høgdemeter Sesong: Juni - oktober Vanskeligheitsgrad: Blå (moderat) Startpunkt: Stalheim Hotel Turkart referanse: Nærøyfjorden 1:50 000 (Ugland IT)  


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad