Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Voss

Nærøyfjorden på langs

  • Sivlevegen 49, Voss
  • +47 91731388
  •  /  km From You
Overview

Tindeguide tek deg med på eit todagars topptureventyr, høgt over cruiseturistane!

Tindeguide tek deg med på eit todagars topptureventyr, høgt over cruiseturistane!

Om:

Nærøyfjorden på Langs er ein todagars topptur, med ei overnatting på nyrestaurert, kulturhistorisk sel ovanfor den veglause bygda Dyrdal. Nærøyfjorden står på UNESCO si liste over verdsarvstader, og er ein av Noregs mest besøkte fjordarmar. Høgt over fjorden ligg fjelltoppane på rekke og rad, med djupe og dramatiske hengedalar som fell ned mot Nærøyfjorden. Denne toppturen snirklar seg gjennom dette mektige fjellandskapet, høgt over cruiseturistane nede på fjorden. Turen blir leda av ein internasjonalt sertifisert fjellførar (tindevegleder), som sørger for trygge rammer.

Turen dag for dag:

Dag 1: Nærøyfjorden på Langs startar frå Nåsi i Jordalen. Denne første dagen går turen via fleire toppar før me til sist avsluttar med den spektakulære Breiskrednosi. Ruta er lagd slik at den gir nydeleg skikøyring, og minimalt med flate transportetappar. Frå Breiskrednosi ventar den lange nedkøyringa mot Vassetestølane, som tek hos vidare ned til selet ved Hjølmo.

Overnatting: Vel framme ved selet på Hjølmo kosa me oss med velfortent aprés ski og lagar nydeleg fjellmiddag i lag. Tindeguide har på førehand frakta inn mat og drikke, og reine sengeklede. Selet har ikkje straum, og me henta vatn på gamlemåten - i elva. Ei natt på denne staden er ei mektig oppleving, sjølv for erfarne fjellfantar!

Dag 2: Neste morgon går turen innover Handadalen, der me har fleire alternative vegval, alt etter føre og form. Dei som kjenner seg spreke vil kanskje få med seg den stilige Handadalseggi? Deretter går me opp på Langafjellet og vidare til siste toppen, Nonhaugfjellet, som ligg like ved Fresvikbreen. Herifrå ventar ei nydeleg avslutning med nesten 1000 høgdemeter skikøyring ned mot Sognefjorden. Nede ved vegen blir me plukka opp av maxi-taxi og køyrd tilbake til Jordalen, kanskje med ein velfortent hamburger i Vik i Sogn.

Utstyr: Dagstursekk, med ekstra sokkepar og nistepakke for dag 1 og dag 2. Alpine turski eller telemarkski og feller. Kameratredningsutstyr (kan lånast gratis av Tindeguide).

Nivå: Middels

Pris: Frå NOK 5500,- per person. Dette inkluderer alle nødvendige utgifter.


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad