Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Stalheim

Nåli

Tur til den gamle husmannsplassen Nåli

Denne turen er den klassiske vandreturen på Stalheim - Allerede i professor Yngvar Nielsen sin Reisehaadbog fra 1890 nevnes denne turen. Underveis har men en storslått utsikt mot Stalheimsfossen og mot Stalheimskleiva.

Turen til Nåli startar ved Stalheim Hotel, og følgjer delvis grusveg og delvis gode stiar. Ein går forbi koselege gardstun og får fantastisk utsikt mot Stalheim, Stalheimsfossen og Nærøydalen verdsarvområde.

Det er gode informasjonskilt både ved startpunkt på Stalheim og ute på Nåli. Stigningen er på omlag 250 høgdemeter.

Frå Stalheim Hotel går turen opp til Brekkegardane. Rett før første grind tek ein av til høgre, fortset ned bakken og over brua til Sivle. Vegen går vidare gjennom tunet på Sivle og så opp mot Sivleshagen, rett før Sivleshagen tar ein av og fortset på nedsida av den raude hytta og vidare inn i skogen.

Stien frå Sivleshagen og fram til Nåli er satt i god stand dei seinare åra, og er lett å finna. Husmannsplassen Nåli ligg midtvegs mellom Stalheim og Jordalen, og var busett og i drift fram til 1925/1930. I dag kan ein berre sjå restar etter eit av husa.

Vi anbefalar å ta med seg matpakke, og ta ein pause og nyt utsikten frå ein av dei mange storslåtte rasteplassane undervegs.

Turen er merka heile vegen frå Stalheim.
Lengd: 2,5 km ein veg – 2t tur/retur
Godt fottøy anbefalast. Retur same veg.
Passar for turgåarar i alle aldrar, men er bratt ned ved nokre parti så anbefalast ikkje til dei med høgdeskrekk

Last updated: 01/03/2024

Source: Destinasjon Voss

Nåli

Sider du nylig har besøkt