


Opplev Nasjonal Turistveg Aurlandsfjellet
Frå fjord til fjord, over eit goldt høgfjell der snøen set sitt tydelege preg på landskapet – med utsikta over Aurlandsfjorden som grand finale.
Turistvegen byr på sterke naturopplevingar og store kontrastar. På kort tid går turen frå fjordlandskapet til det opne høgfjellet, der snøen kan liggje store delar av året.
Noko av det mest særmerkte ved vegen er det aude og urørte landskapet. Her er få spor etter menneske, bortsett frå kraftlina som minner oss om at også vi set våre spor i dette storslåtte landskapet.
Saman med Lærdalstunnelen gir Snøvegen ein unik rundtur frå Gamle Lærdalsøyri til Aurlandsvangen. Vegen er vinterstengd, men frå Aurlandsvangen er vegen opp til utsiktspunktet på Stegastein open heile året.
Stegastein er eit panorama utsiktspunkt som ligg 7,5 km frå Aurlandsvangen, og her fins parkeringsplass og toalett. Vegen hit er open heile året.
Ni km frå Aurlandsvangen mellom Bjørgo og Kvammadal er det ny parkering- og snuplass. Anbefalt lengde på buss er 12,4meter.
Kilde: Visit Sognefjord AS