Dynamic Variation:
Offers
Choose Language
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Nordfjord Stryn

Nasjonal turistveg Gamle Strynefjellsvegen

  • 57 87 40 40
  •  /  km From You
Overview
Details

Den over 100 år gamle vegen mellom aust og vest er ei oppleving i seg sjølv. Gamle handlaga murar av nøye tilhogge stein og lange rekkjer av stabbesteinar kjenneteiknar strekninga over fjellet.

I gamle dagar var det mange ruter over fjellet som vart brukt til kløving og riding, men det var strabasiøse og tunge turar. Derfor vart det i 1881 bestemt å byggje veg, og rallarar frå Sverige og lokale krefter gjekk i gang med det tunge anleggsarbeidet. I 1894 stod vegen klar, og den ligg der framleis som eit minnesmerke over ei tid som har gått. Grotli, ved den austre delen av vegen, var frå tidlegare møtepunkt for reisande mellom aust og vest, og i gamle dagar kom mange cruiseturistar hit for å oppleve norsk fjellnatur. Vegen byr alltid på ein vakker køyretur og i sterke haustfarger er den i særklasse. Nasjonal turistveg gamle Strynefjellsvegen går mellom Grotli og Videseter. Strekninga er 27 kilometer lang. Vegen er vinterstengt og er open frå tidleg i juni til snøen kjem - ofte i midten av oktober. Sjå vegvesen.no for oppdaterte trafikkmeldingar

Langs vegen kan du lese om landskapet, geologien og naturen.

I 2009 vart den nasjonale turistvegen utvida mot vest, og den endar no på idylliske Hjelle der det tidlegare var båtforbindelse ovet vatnet til Storesunde.

Gamle Strynefjellsvegen er vinterstengt. I slutten av mai vert vanlegvis vegen opna mellom Videseter og Stryn Sommerski, og jobben med å opne resten av strekninga til Grotli fortset etter dette.


Trafikkinformasjon: vegvesen.no

Lengste tillatte lengde på køyretøy er 12,40 meter.

 


  • Last Updated:
  • Source: Visit Nordfjord

Generelt

Landskap
  • Fjellområde
Årstid
  • Sommer

Facts

Landscape
Mountain area
Season
Summer
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad