VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Eastern Norway Innlandet LOM

Nasjonal turistveg Sognefjellet (FV 55)

  • Sognefjellsvegen, Lom
  • +47 61219090
  •  /  km From You
Overview
Details

Nasjonal turistveg Sognefjellet, fylkesveg 55, går mellom Lom og Gaupne og er 108 km lang. Dette er Nord-Europas høgaste fjellovergang med eit toppunkt 1434 meter over havet.

Nasjonal turistveg Sognefjellet går mellom Lom og Gaupne og er 108 km lang (veg 55). Dette er Nord-Europas høgaste fjellovergang.

Frå dei grøne engene og det frodige kulturlandskapet i Bøverdalen, stig vegen opp gjennom dalen til toppunktet 1434 meter over havet.

Om vegen:
Vegen startar i Lom, og allereie før du kjører ut av den vesle bygda tek forventningane til å byggje seg opp. Det er ikkje alle turistvegar som har ei slik naturleg dramaturgisk oppbygging med mange og mektige inntrykk. Langs vegen ligg utsiktspunkta og ventar på at du skal ta ein pause og verkeleg la naturen synke inn.

På Mefjellet rasteplass finn vi Knut Wolds steinskulptur som lar oss sjå fjellandskapet på ein annen måte. På vegen vidare ned mot Sognefjorden viser fjellheimen seg fra si villaste side. Der Hurrungane kneiser mot himmelen slepp fjellet plutseleg taket og landskapet endrar seg igjen. Ut mot Gaupne, som er endepunktet på strekninga, går vegen heilt nede langs den vakre Sognefjorden der det klare vatnet endrar seg fra grønt til blått etter lys og ver. Kva gjer du når du er framme? Tar ein pust i bakken, og lar inntrykka falle til ro. Nokon snur og kjører samme vegen tilbake, og blir overraska over kor annleis alt er. Alt er det same, men likevel er det som å sjå naturen på ny.

Sykling langs Sognefjellsvegen: 
Å sykle over Sognefjellsvegen er ei stor oppleving. Om du vel å starte med den brattaste klatringa innerst i Sognefjorden, går vegen opp frå Skjolden forbi Turtagrø med partier med opp mot 16% stigning. Her syklar du frå den smaragdgrøne Lustrafjorden til den blågrøne Bøverdalen, med den råaste klatringa og vakraste nedkøyringa. Søtmat og saltmat på Sognefjellshytta og Turtagrø hotell. Meir info her/vegtur.no

Historia:
Vegen over Sognefjellet var ei viktig ferdselsåre som batt kysten og innlandet saman. Det var handelstrafikk som frakta salt og fisk austover, mens smør, tjøre og skinn vart frakta vestover. I gamle dagar var det ikkje utan risiko å ferdast over fjellet - i fjellet var det fant som rana vegfarande og handelsmenn.

Naturen har også ein styrke det kan være vanskeleg for mennesker å utfordre. På vinterstid er veret så hardt og snømengdene så store at det er uråd å halde vegen open. Tar du turen rett etter opninga om våren, vil dei opptil ti meter høge brøytekantane være eit synleg bevis på styrkeforholdet i fjellet om vinteren. Det er naturen som bestemmer, og vi får ei påminning om at det er vi som må innrette oss.

Vintervarsel: Vegen over fjellet mellom Liasanden og Turtagrø er normalt stengt i november og opnas i mai. Raude flagg i kartet viser kvar strekningen blir stengt. Opningar og stengingar av vinterstengde turistvegar

Kjelde: nasjonaleturistvegar.no


  • Last Updated:
  • Source: Visit Jotunheimen AS

Generelt

Landskap
  • Fjellområde
Årstid
  • Sommer

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Natursti

Opening hours

2. mai 2020 – 1. nov. 2020
Daily
See All

Facts

Landscape
Mountain area
Season
Summer
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages