Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Norheimsund

Nasjonale turistveger

  •  /  km From You
Overview

Dei nasjonale turistvegane i Norge er utvalde køyreturar gjennom det flottaste av norsk natur. I Hardanger ligg to nasjonale turistveger. Rv 7 frå Halne på Hardangervidda til Steinsdalsfossen i Norheimsund og Rv 13 frå Tyssedal til Odda og 550 Utne til Jondal. 

NASJONAL TURISTVEG HARDANGER
Nasjonal turistveg Hardanger fører deg gjennom eit mektig fjordlandskap. Undervegs kjem ein tett på Hardangerfjorden, fossar og frukthagar. Nasjonal turistveg Hardanger er 158 km lang og består av fire strekningar: Granvin-Steinsdalsfossen (Rv 7), Norheimsund- Tørvikbygd (Fv 49), Jondal-Utne (Rv 13) og Kinsarvik (Fv 550)-Låtefoss (Rv 13). Det går ferje mellom Jondal-Tørvikbygd og mellom Kvanndal -Utne og Utne-Kinsarvik. 

Ei reise langs Nasjonal turistveg Hardanger opnar for eit mangfald av opplevingar. Nokre høgdepunkt langs strekningane er:
Granvin-Steinsdalsfossen (Rv 7): Steinsdalsfossen (Norheimsund) og Kunsthuset Kabuso (Øystese). 
Norheimsund- Tørvikbygd (Fv 49): Hardanger fartøyvernsenter (Norheimsund).
Jondal-Utne (Fv 550): Turen opp frå Jondal til isbreen Folgefonna er ein fin avstikkar frå Nasjonal turistveg Hardanger. Her kan ein bli med Folgefonni Breførarlag på bretur eller stå på sommarski i anlegget til FONNA Glacier Ski Resort. Hardanger folkemuseum (Utne).
Kinsarvik-Låtefoss (Rv 13): Mikkelparken (Kinsarvik), Husedalen (Kinsarvik), Munketreppene (Lofthus), Norsk Vasskraft- og Industristad Museum (Tyssedal) og Låtefoss.

NASJONAL TURISTVEG HARDANGERVIDDA
Nasjonal turistveg Hardangervidda tek deg frå høgfjellsplatået Hardangervidda 1250 moh og Hardangervidda nasjonalpark til kanten av Hardangerfjorden. På den  67 km lange vegstrekninga får du m.a. oppleve det største høgfjellsplatået i Nord-Europa, Vøringsfossen, den ville Måbødalen og det majestetiske fjordlandskapet. Undervegs er det mange opplevingar å ta med.  Gå gjerne turstien frå 1872 inn til Vøringsfossen og kom tett på den kjende fossefallet. Eit besøk på Hardangervidda Natursenter Eidfjord kan også anbefalast, opplevingssenteret er Nasjonalparksenter for Hardangervidda og har spennande utstillingar. Få også med deg panoramafilmen Fjord Fjell Foss produsert av Ivo Caprino. Om du ynskjer å stoppe for ein matbit eller overnatte langs Nasjonal turistveg Hardangervidda så er det mange og varierte tilbod å velje mellom.


  • Last Updated:
  • Source: Destination Hardanger Fjord AS
Click to activate
Kvam, Norway
The latitude and longitude
60° 22' 11" N / 6° 6' 21" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad