Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Tokke

Naturfoto på Dalen Villmarkssenter

Ørn, kjøpt fritt bruk
_WLP2308
Ørner og rev - Jostein Hellevik, fritt bruk
_WLP0644
_WLP0061
_WLP2653
17265004_1132699956839274_5793921868353123219_n
252E2665 mindre
10847150_764139190347841_5178747581499020873_o
Fiskeørn
10011590_596862063742222_958454567_o
_WLP9775
_WLP8863-2
11411841_836908076404285_2020421589487558735_o
_WLP5052
13235414_1014715781956846_449342235755959206_o
Rev

Kom tett på naturen hos Dalen Villmarkssenter!

På Dalen Villmarkssenter kan ein oppleve variert villmark og verkeleg komme tett innpå både fuglar og dyr på ein unik måte. Eit liv med detaljert interesse for natur har gitt innehavar Jostein Hellevik dei beste forutsetningar til å tilrettelegge både film og fotoarenaer som er spesialkonstruert for store og minnerike opplevingar. 

Småbruket Døli som ligg høgt oppi fjellsida over Dalen er utgangspunktet til forskjellige fotoskjul i nærområdet som er plassert i ulike nydelege naturmiljø – høgdevariasjonar og biotoper tilhøyrande ei mengde forskjellige artar fuglar og dyr.

Dalen Villmarkssenter har seks faste fotoskjul, som nyttast på ulike artar, ulike tider på året. Mest kjent er kanskje fotoskjula for kongeørn, der prisbelønte naturfotografar fra inn- og utland har vore på besøk. Både BBC og National Geographic har filma fleire scener til sine naturfilmar her.

I eit fotoskjul har du ein ypperleg moglegheit til å kunne vere heilt usynleg for den utvendige verda. Inni skjulet har du fin oversikt og utsikt gjennom sotede glass til ein ferdig oppsatt fotoarena som fuglar og dyr oppsøker uvitande om at du er tilstades i deira kvardag.

Dalen Villmarkssenter kan ta imot enkeltpersonar – vennegjeng og grupper opptil 12 personar. 

Kilde: Vest Telemark

Naturfoto på Dalen Villmarkssenter

Sider du nylig har besøkt