VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Eastern Norway Innlandet LOM

Naturopplevingar | Aktivitetsselskap og utleige av turutstyr

  • Postboks 111, Lom
  • +47 90116575
  •  /  km From You
Overview

Naturopplevingar er eit firma som tilbyr utleige av friluftsliv-utstyr  - og skreddarsyr naturopplevingar for familiar, firmaer, lag og grupper.

Naturopplevingar er eit firma som tilbyr utleige av friluftsutstyr  - og skreddarsyr naturopplevingar for små og store grupper.

Naturopplevingar heldt til i Lom og Skjåk – to bygdeperler krinsa av nokre av dei flottaste fjella og fjordane Noreg byr på. I Naturopplevingar finn du syskjenbåna Tea Karoline Mork og Kjell Lundemo. Dei er båe to frå Skjåk, og lidenskapeleg opptekne av å vere ute i naturen.

Med Naturopplevingar ynskjer dei å formidle turgleda fjellheimen gir oss som menneske, og dele opplevingar som set seg i kropp og sinn med deg. Om du vil vere med på tur, nyttar dei gjerne si erfaring og lokalkunnskap  - og skreddarsyr eit opplegg som passar ditt ynskje. Naturopplevingar ordnar gjerne med både utstyr, guiding, måltid, overnatting og transport – alt etter kva type fjelleventyr du har i tankane. 

Utleige av utstyr: 
Kvifor eige når du kan leige? Naturopplevingar leiger ut tur- og friluftlivsutstyr som kan reserverast og hentast i Lom sentrum. Naturopplevingar sitt utleigeutstyr er av høg kvalitet for å skape store opplevingar og turglede.

Her kan du mellom anna leige:

Allværsklede & ullgenser
Fjellstøvlar & truger
Ryggsekk & bæremeis
Telt & sovepose
Klatring & breutstyr
Tryggleik & tilbehør
Komplette utstyrspakker

(Prisar oppgitt er for leige per døgn. Ved låneperiode meir enn tre dagar og for grupper på meir enn 10 personar blir vi enige om pakkepris.)

Klikk her for booking av turutstyr!

Gjennom utleige legg Naturopplevingar til rette for at flest mogleg får glede av turutstyret – slik nytteverdi blir maksimert gjennom heile levetida. Vinn-vinn for både deg, bankkontoen og miljøet! Utstyr blir leigt ut til privatpersonar, grupper og gjerne reiselivsbedrifter.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Jotunheimen AS
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages