Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway

Nedstavatnet og Skavlabu

  • +47 56599000
  •  /  km From You
Overview

Utsiktstur opp frå Mo – bratt, vakkert og veldig vestlandsk!

Frå Bergen: Startpunktet for turen til Nedstavatnet ligg 84 km nord-austover frå Bergen. Køyr E39 nordover til Romarheim, der tek du til høgre inn på FV 569 mot Mo i Modalen. Køyr 16 km på 569, og parker anten i Mo sentrum eller ved startpunktet i ei veglomme i på venstre hand. Turen frå Bergen tek normalt i underkant av 1,5 time.


Berekna tid: 1,5 t rundtur, 5 t ein veg til Skavlabu.

Gradering: Rød moderate +.

Høgdeskilnad: 5-240, 5-900 meter.


Stien opp til Nedstavatnet er ein eldre ferdsleveg som gardane på Mo og Otterstad brukte for å ta dyra til fjells om sommaren. I dag er det ein mykje brukt tursti som tek deg til toppen av Kvernhusfossen med flott utsikt utover Mofjorden eller inn til turlagshytta Skavlabu langs T-merka trasé via Storfjellet. I august kvart år arrangerer Modalen Idrettslag motbakkeløp opp denne kleiva, og dei raskaste tek seg opp på under 10 minuttar.

Stien startar bratt opp gjennom gran-/blandingsskogen og har eit mindre bratt parti midtvegs før du møter ei kneik det siste stykket før du er oppe. Stien er godt synleg og merka med både blått og raudt. Dersom du vil nyta utsikten ut over Mofjorden, tek du mot venstre over myrane når du kjem opp der stien flatar ut på toppen. Då ser du snart Nedstavatnet og kan følgje svaa mot demningen som ligg før utløpet til Kvernhusfossen.

Den T-merka ruta vidare til Skavlabu går beint fram, og du må berekne ca. 5 timer opp og inn til turlagshytta frå stistart. Hytta ligg på over 900 m, så det er ei bra stigning som både krev kondisjon og turerfaring.

www.visitbergen.com/visitmodalen


  • Last Updated:
  • Source: Bergen Reiselivslag
Click to activate
Modalen, Norway
The latitude and longitude
60° 49' 7" N / 5° 48' 29" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad