Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Sand

Nesasjøhuset (Ryfylkemuseet)

  • Nordenden 14, Suldal
  • 52 79 29 50
  •  /  km From You
Overview
Details

Nesasjøhuset ligg i Nordenden på strandstaden Sand i Ryfylke, og er hovudsetet til Ryfylkemuseet.

Sjøhuset blei bygd kring 1850. Det var Sven Rasmussen som fekk det sett opp i dei gode sildeåra. Her blei nøter og båtar lagra og silda salta. Derfor var det også lager for tønner som Rasmussen tok inn frå bøkkarane på staden. Sild blei eksportert på eigne fartøy til Austersjøen.

Seinare har huset vore brukt som bøkkarverkstad, mekanisk verkstad, radiofabrikk, støyperi, slaktehus og fryseri og til ulike lagerformål. Ryfylkemuseet kjøpte huset i 1986 og flytta inn fem år seinare, i 1991. Her er kontor, arkiv, magasin og rom for faste og skiftande utstillingar. Nytt administrasjonsbygg like ved Nesasjøhuset vart opna i 2009.

Jekta ”Brødrene af Sand” ligg utanfor museet i sommarsesongen dersom ho ikkje er på tur.

På sjøhusloftet viser museet utstillinga "Kvitebjørnen". Utstillinga Kvitebjørnen er ei spennande barneutstilling der barna får bli med på ei eventyrlig ferd i Kvitebjørnens rike og kler seg ut som riddarar og prinsesser for å gå på fest i sjølvaste kongsgarden.

I andre etasje i sjøhuset er det lokale for skiftande utstillingar. Nærmare opplysningar om utstillingar og arrangement i Nesasjøhuset finn du på www.ryfylkemuseet.no

Nesasjøhuset har faste opningstider heile året. Ryfylkemuseet driftar Kafé Løland i sommarsesongen, med sal av brus, is, kaffi og kake. I sommarsesongen held også Suldal Turistkontor til i Nesasjøhuset.

Meir info på www.ryfylkemuseet.no.


  • Last Updated:
  • Source: Region Stavanger

Generelt

Tilgjengelighet
  • Tilpasset bevegelseshemmede

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Strand

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Parkering
Click to activate
Suldal, Norway
The latitude and longitude
59° 29' 6" N / 6° 14' 53" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad