Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Nesheimstunet

Nesheimstunet

Frå Nesheim har du flott utsikt over Lønavatnet. Garden har alltid vore einbølt – han var ikkje delt mellom fleire brukarar, slik vanen var på Voss. I vikingtida var det truleg eit høvdingsete her.

På Nesheimstunet er det i alt 12 hus, dei eldste er truleg frå 1600-talet. Løa frå 1797 var den største i bygda. Nesheimstunet opna for publikum i 1974. I tunet er det elles eldhus/årestove, vedhus og stovehus samanbygde i rekkje. Dei tre husa vart først nytta som bustadhus og endra så funksjon etter kvart som nye hus kom til. Eldhuset har både åre og røykomn og røykomnen er truleg den einaste som er att på Voss.
Fram til 1948 budde det folk i den nyaste stova.
Voss Folkemuseum overtok tunet i 1970.

Ta kontakt med Voss folkemuseum viss de ynskjer å besøka Nesheimstunet.

Last updated: 08/14/2023

Source: Destinasjon Voss

Nesheimstunet

Sider du nylig har besøkt