Olden

Nesset Fjordcamping

  • Utsikt mot Nesset Fjordcamping i Olden, frå fjorden
  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • 90936873

  • Fjordvegen 1783

    Stryn, Vestland

    Vis i kart

Campingplass mellom fjord og fjell i Olden

Nesset Fjordcamping er ein campingplass ved fjorden i Olden i Nordfjord. Her finn du camping med hytter, motell, samt oppstillingsplassar for bubil, campingvogn og telt.

Den vesle familieverksemda, som no blir driven av tredje generasjon, ligg idyllisk til ved fjorden i Olden på vegen mot Innvik.

Motellanlegget består av fire leilegheiter med soverom og bad, samt fire dobbeltrom med eige bad. Alle einingane held høg standard og har eige kjøkken og balkong med glasrekkverk mot sjøen.

Nesset Fjordcamping er eit godt utgangspunkt for å oppleve Olden, Briksdalsbreen og andre naturopplevingar i Nordfjord.

For booking og meir informasjon, ta direkte kontakt med Nesset Fjordcamping.

Kilde: Nordfjord