Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

BULANDET

Nikøy Gjestebrygge

Segl vestover ved landemerket Alden til Nordens Venezia, Bulandet. Her finn du Nikøy Gjestebrygge.

Nikøy Gjestebrygge treff du rett etter innseglinga til Bulandet og ligg ved Jokerbutikken, ilag med Havsalaten kjøkken og bar. Her er rundt 20 båtplassar med moglegheit for landstraum. Hamneleiga inkluderar fri bruk av servicebygg med toalett og klesvask/tørk og straum. Myntinnkast for dusj, og kortbetjent besin/diesel fylling på kaia.

Du finn 4 bubilparkeringar ved hamna.

Frå Nikøy Gjestebrygge har du kort veg til spektakulære opplevingar. Øyriket Værlandet og Bulandet er Noregs vestlegaste bebudde samfunn. Desse øyane er eit populært reisemål for dei som likar sykling, padling, fiske eller fotturar. Bulandet er det vestlegaste aktive fiskerisamfunnet i Noreg, og omfattar 365 øyer og har omlag 260 innbyggjarar. På bygdemuseet "Bulandet i fortid og notid" gjev eit godt bilete av daglegliv og fiskeri i Bulandet. I Værlandet bur det ca. 200 innbyggjarar. Fiske og oppdrett er dei viktigaste næringsvegane, men reiseliv og eksport av høgkvalitets naturstein (grønsteinsbrekje) til Italia, er næringar i sterk vekst.  

Last updated: 01/29/2024

Source: Visit FjordKysten

Nikøy Gjestebrygge

Sider du nylig har besøkt