Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway

Nipebu DNT hytte

  • +47 57720614
  •  /  km From You
Overview
Details

Hytta ligg ved søraust-sida av Langevatnet i Askvoll kommune, 500 m.o.h. Der er sju sengeplassar pluss sovasofa, seng i bod, samt hems med plass til fire eller fem. I uthuset er det seng for hundeeigarar. Denne kan nyttast også i kjølege periodar med oppvarming frå propanomn.

Nipebu er sjølvbetjent, dvs at der er eit avgrensa matlager som turgåarar kan nytte seg av mot betaling. Betaling av proviant og overnatting skjer med eingongsfullmakt som du fyller ut og legg i postkassen i stova.


Nipebu er lagt midt i trasèen "Hav til Bre", som startar i Stongfjorden og med tid og stunder skal ende opp ved breen. Ruta er ferdig merka Stongfjorden - Nipebu - Massbu - Laukeland.


Det er båt og kano i naustet eller i vika rett nedanfor hytta. Bruk redningsvestar! Mange fine fiskevatn rundt hytta.


Mobilforhold:


På Nipebu er det stadvis dekning. men ein må leite litt rundt i terenget for å finne plassar der det går å ringe.


Oppe på haugen ca 100 meter aust / søraust for hytta er det bra dekning.


På hytta er det  antenne ute på veggen og inne på hytta skal det vere antenneovergangar til dei fleste telefonane som har antenneuttak.

For den historieinteresserte kan vi nevne at bua opna 9. juni 2001. Uthus vart bygt i 2002, naustet i 2004 og utedoen var ferdig 2007.  


Praktisk informasjon: 
- Hytta er opa heile året
- Hytte er sjølvbetjent og ulåst
- På GPS finn du hytta her: UTM 32V 0304459  6812998


Adkomst sommer


Dei enklaste trasèane inn til hytta er frå Markavatnet, skilta avkøyring frå Rv 609 mot Skjærli, merka sti med skilta start frå ei lita sankeinnhegning.  Delvis merka sti går frå Vagstad i Holmedal inn mot Atlevatnet, og nordaust til hytta. Dei som disponerer båt på Dalsfjorden kan også nytte ei fin rute frå Fossevikja.


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Båt er tilgjengelig
  • Jakt og fiske
Kano og kajakk
  • Kanopadling
Fisking
  • Ferskvannsfiske
Click to activate
Askvoll, Norway
The latitude and longitude
61° 23' 20" N / 5° 13' 8" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad