VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland VOSS

Njardarheimr - Gudvangen vikinglandsby

  •  /  km From You
Overview

Reis tusen år tilbake i tid og opplev korleis det var å vera viking!

I Viking Valley vil du møte innbyggjarane i vikingbyen Njardarheimr, som vil ta deg 1000 år tilbake i tid. I Njardarheimr får du ta aktivt del i eit samfunn med folk som er levande opptekne av å formidle historia om vikingane, om deira reiser, båtar og om korleis vikingtida har sett sine spor i vårt moderne samfunn.

Her kan du fritt vandre rundt og oppleve dei ulike bygningane og aktivitetane i vikingbyen og lære meir om byggeskikk, religion, mat og handverk.

For å få best utbytte av besøket anbefaler vi at du blir med på «The Viking Experience», som er ein guida rundtur i byen. I løpet av 45 minutt får du ei spanande innføring i livet som viking. Turane går kvart 30. minutt i sommarsesongen, og er inkludert i inngangsbilletten.

Vikinglandsbyen Njardarheimr består av meir enn 20 bygningar og i overkant 2000m2 bygningsmasse, og fleire er under planlegging. Husa vert bygde utfrå tidlegare erfaringar med rekonstruksjonar av vikingtida sine bygningar. Alle utsmykningane er basert på stilartar frå vikingetida, men med vårt eige design. I bygga vert det nytta materiale som finst her ved Nærøyfjorden, t.d. torv og takspon, som på stavkyrkjene.

I vikinglandsbyen kan du vere med på aktivitetar, sjå attraksjonar, snakke med innbyggjarane i Njardarheimr og lære meir om vikingtida. Du kan oppleve spenninga med bogeskyting, øksekasting og lære deg vikingeleikar og kjenn på lukta av tjære og bålbrenning.

Å samlast rundt måltid var viktig i viking-tida. I "Heidrun" kan du smake på mat laga etter gamle metodar med ingrediensar dei hadde tilgjengeleg.
Fast på menyen er Vikingsuppe med grovt brytebrød, grove heimelaga pølser med kålsalat, nysteikte pannebrød med laks eller spekepølse og Ramsløksrømme, i tillegg til fisk og kjøtt frå grillen med tidsriktig tilbehøyr. I Njardarheimr sel vi mat, og gir deg i tillegg ei historisk matoppleving.

OPENT 10:00 TIL 18:00 ALLE DAGER, HEILE ÅRET

Generell Info
- Barn under 4 år gratis i følgje med føresette.
- NB! Barn under 12 år slepp ikkje inn utan følgje fra føresette.
- Beklager, hunder ingen adgang. (Vi har dyr buande i byen)

Røyking kun i tilviste soner.
- Ja, me har oppbevaringsplass for bagasje.

Heile overskotet av bilettsalget og gavebutikken, går uavkortet til bygging, drift og vedlikehald av vikingbyen. Takk for di støtte :)

Prisar

Dagsbiletter er gyldige heile dagen & kan brukes på valgfri dag, heile året.
- Dagsbilett Voksen fra 16 år > NOK 200,-
- Dagsbilett Barn (4-15 år) NOK 98,-
- Dagsbilett Familie (2 Voksne + egne barn 4-15 år) NOK 550,-

Du kan også kjøpe bilettar i døra.


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Voss
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages