I meir enn 100 år har familien Nordal arbeidd for å gje ferdafolk alt dei treng. Med heimelaga mat, trivelege omgjevnader og kort veg til Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen, er Nordal turistsenter eit perfekt utgangspunkt for fjelleventyr og gode opplevingar.
Hotellet har heimekoseleg særpreg med triveleg interiør, og eignar seg godt for bryllaup, jubileum, møter og andre samlingar.
Campingplassen på Nordal har har både små og store campinghytter og oppstillingsplassar for bubil og campingvogn, leikeplass, kafé m/leikerom, spisesal og pub.
Om sommaern er Fjoset Pub open kvar kveld. Elles i året er puben stort sett open i helgene.