Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Norddal

Norddal kyrkje

  • +47 70257152
  •  /  km From You
Overview

Norddal kyrkje vart bygd i 1782 og er den fyrste Åttekanta kyrkja på Sunnmøre. Kyrkja vart bygd opp på same staden der den gamle stavkyrkja stod. Denne kyrkja vart reist i Valldal og på 1620-talet flytta til Norddal. Delar av den gamle stavkyrkja vart nytta då den nye vart reist. Arkitekt var Ole Larsen Døving.

Kyrkjetårnet er i klassisk barokkstil. Innvendig er kyrkja uvanleg lys og romsleg med heile 400 sitjeplassar. Kring 1900 vart veggar og tak, stolpar og benkar måla i triste fargar. Men i 1981 vart det meste luta vekk, og kyrkjerommet står no fram i sin opphavlege skapnad. Det første orgelet kom i 1921 med ein orgelfasade teikna av Domenica Erdmann, som var ein kjend norsk målar og dekoratør. Sakristiet er av nyare dato, påbygd i 1958. På veggen attmed preikestolen heng det eit stort målarstykke. Dette er ei minnetavle for Arne Eivindsøn, som var presten på den tida stavkyrkja vart flytta over fjorden. Han døydde i 1634, det var enkja som gav biletet. På galleriveggen heng det seks gamle portrett av prestar og prestekoner. Desse målarstykka i olje på lerret er laga kring 1673-1740 av ukjent kunstnar. Altartavla er utstyrt med figurar, relieff og fløydører, alt praktfullt måla. Tavla er frå seinmiddelalderen, (kring 1510-20). Truleg kom ho frå Tyskland og liknar mykje på dei som vart laga i Lübeck av meisteren Bernt Notke og hans elevar. Kyrkjetårnet er bygd i klassisk barokk stil. Norddal kyrkje vart sist restaurert i samband med 200-årsjubileet i 1982. Kyrkja ligg vakkert til ved foten av Kyrkjefjellet nede ved stranda. På kyrkjegarden er det reist eit monument over dei omkomne i Tafjordulykka. (Kjelde: Norddal kommune).


  • Last Updated:
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Click to activate
Norddal, Norway
The latitude and longitude
62° 15' 20" N / 7° 14' 14" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad