Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Nordfjord Gloppen

Nordfjord Folkemuseum

  • Gota 16, Gloppen
  • +47 57884540
  •  /  km From You
Overview

"Nordfjordingane er jammen flinke til å ta vare på historia si! Midt i regionen ligg distriktsmuseet med flotte bygningar frå 2-300 år tilbake i tid samla. Her kan du kike innom ei gamal skulestove frå Gloppen og slå deg ned ved skulebenken, eller sjå innom ein liten utedo frå Davik. Ein kan også lære litt om kor viktig vasskraft var i dagleglivet, imponerande å sjå korleis saga fekk fart på seg ved hjelp av vatn. Innandørsmuseet har også skiftande utstillingar om ein vil spe på med litt meir kultur".
Fred Syversen

 

Føl du skilta langs vegen vest for sentrum vil du også finne ein av dei mest verdifulle trebåtane i Norge og ein nasjonalskatt på lik linje med vikingskipet på Bygdø. Her står Holvikejekta og vitnar om den viktige handelen som gjekk føre seg mellom Nordfjord og Bergen".

Få eit innblikk i regionen si historie på Nordfjord Folkemuseum, som er distriktsmuseum for Nordfjord. Museet har 44 antikvariske hus, dei fleste frå 1700 og 1800 talet. Fleire av husa er innreidde og viser ulike tidsperiodar. I tillegg har vi innandørs kulturhistorisk utstilling.

I sommarsesongen tilbyr vi omvising i friluftsmuseet klokka 13 kvar dag. Gruppeomvising eller omvisingar på andre tidspunkt må avtalast med museet. Vi har også månadlege arrangement for born og vaksne. 

Opningstider:

       januar til 30. juni 2018: 12-15 søndag til fredag

       juli til 31. august: 10-17 alle dagar

       september til 31. desember: 12-15 søndag til fredag

Om museet
I friluftsmuseet på Nordfjord Folkemuseum finn du hus og historie kring livet i Nordfjord i etterreformatorisk tid. Eit spesielt fokus er retta mot vasskrafta si rolle for dagleglivet i fjordfylket.

Museumsfartøyet Holvikejekta er stilt ut ved fjorden like utanfor Sandane sentrum. Den 20 meter lange jekta er den siste bevarte lastebåten av sitt slag.

Enkel kafe.

Ope for grupper også utanom vanleg opningstid.

Friluftsmuseet er vinterstengt.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Nordfjord

Opening hours

1. sep 2017 – 30. jun 2018:
man tirs ons tors fre søn 12:00–15:00
1. jul 2018 – 31. aug 2018:
Daily: 10:00–17:00
1. sep 2018 – 30. jun 2019:
man tirs ons tors fre søn 12:00–15:00
See All
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad