Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Skjåk

Nordigard Ramstad | Gardsovernatting

Bestill
Nordigard Ramstad-27
Nordigard Ramstad-04
Nordigard Ramstad-25
Nordigard Ramstad-18
Kaku (11 of 16)
Kaku (5 of 16)
Nordigard Ramstad-05
Nordigard Ramstad-08
Nordigard Ramstad-10
Nordigard Ramstad-22
Nordigard Ramstad-15

Vakre Nordigard Ramstad ligg i Solsida i Skjåk. Her produserer dei gudbrandsdalsegg og gudbrandsdalskaku, og tilbyr gardsovernatting, fersk bakst, har ope landhandel og gardspub - og eigen nettbutikk.

Vakre Nordigard Ramstad ligg i Solsida i Skjåk - og tilbyr gardsovernatting med det vesle "eggstra".

Her driv dei nemleg med produksjon av Gudbrandsdalsegg frå 7000 frittgåande høner. Små gjestar på gardsovernatting er velkomne til å vere med å sortere og pakke egg morgon og ettermiddag - ei artig oppgåve for ivrige, små hender!

Historiske Nordigard Ramstad ligg fritt og vakkert til på solsida i fjellbygda Skjåk – krinsa av nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen. Her kan du overnatte i i historiske Ramlarstugu, trivelege Eldhuset, intime Ysthuset eller den romslega gardsleilegheita i våningshuset. Sov godt, drøm søtt - og få gjerne frukosten servert i sjarmbomba Ramstadstugu.

På få år har den tradisjonelle fjellgarden med eggproduksjon - utvikla seg til eit blomstrande turist- og lokalmateventyr. her dyrkar vertskapet Gudrun og Odd Joar gode opplevingar på garden i form av gardsovernatting i stemningsfulle tømmerhus. Servering i sjarmerande gardspub og landhandleri.

Landhandleriet er ope kl. 11 - 17 heile sommaren. Her får du mellom anna serverte vafler  - og Gudbransdalskaku - smaksbomba frå Skjåk som det går gjetord om i heile Sør-Norge! På tunet får gardsgjestar selskap av frittgåande høner - og eit vertskap med omtanke for både tobeinte med fjør.

I det idylliske gardstunet finn du kring trivelege sittegrupper både katt, hund og høner. Jordbær og bringebær kan du gjerne få plukke, og vil ungane vere med å sortere egg i hønseriet så klukkar vertskapet nøgde. Leikarstugu, huskestativ, sandkasse og eventyrleg buldrestein finn du på oppdagingsferd i det intime tunet.

Om du vil freiste eksotisk øyhopping i elva Otta rett nedanfor garden har Nordigard Ramstad kajakkar til leige.

På historiske Nordigard Ramstad kjem eventyret i mange formar. Frå fjøset, på garden, i naturen, ved matbordet, gjennom historia og i den storslåtte naturen og levande kulturlandkapet som omgir oss. Velkomen til gards og til bords!


Kilde: Visit Jotunheimen AS

Nordigard Ramstad | Gardsovernatting

Bestill

Sider du nylig har besøkt