Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Bremnes

Nordsjøløypa Lykling-Kammaren-Djupvika-Risvika-Hellvika

Nordsjøløypa Lykling-Kammaren-Djupvika-Risvika-Hellvika

Ei vandring på historisk grunn på vestsida av Bømlo.

Du følgjer bygdevegen frå Lyklingsjøen og passerer klebersteinsbrotet. Det ligg langs fjellveggen, innafor inste vågen ved Lyklingfjorden. Vidare tek vegen vestover forbi garden Uren og så nordover i retning Urastølen. Eit stykke lenger framme tek Nordsjøløypa av frå vegen og går i dalsøkket vestetter i retning Kammaren. Herifrå ser du ut mot Holmasundet og Lyklingholmane. Løypa tek her nordleg retning langs vestsida av Storhaug, og svingar austetter, og er ein liten "runde"  eit stykke innafor Djupvika før ho er framme i strandkanten på nordsida av Djupvika.

Herifrå går løypa i nordleg retning til ho kjem inn på veg att ovanfor Risvika.

Nordsjøløypa følgjer vegen fram til gardane Tverrborgvik og Hellvik. Desse gardane ligg i eit vakkert landskap med utsyn mot Ådnanesosen og Hiskjo.

Litt historie

Vestsida av Bømlo er kjend gjennom historia for rikt fiskeri. Nordsjøløypa lengst vest er innom gardane Lykling, Uren, Tverrborg, Hellvik og Våge. På Lykling ligg eit klebersteinsbrot som truleg var i bruk alt i vikingtid. Lykling har truleg vore i privat eige frå langt attende, og er nemnd i skriftlege kjelder i 1590 med eigar frå Alvsvågslekta. Lyklingholmane og Uren høyrde til Lykling. I 1668 vart Uren eigen gard fram til Tverrborgvika. I 1862 vart det oppdaga gull på garden.  

Last updated: 01/29/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Nordsjøløypa Lykling-Kammaren-Djupvika-Risvika-Hellvika

Sider du nylig har besøkt