Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Øygarden

Nordsjøfartmuseet i Telavåg - Museum Vest

Vi fortel om eit av dei verste krigsbrota på norsk jord, om dei som flykta over Nordsjøen, om hemmelege oppdrag bak fiendens liner og om nazistane sin brutale hemn.

Fram til 1942 var Telavåg eit lite og ukjent fiskarsamfunn ytst ved vestlandskysten. Her var modige innbyggjarar og sjøfolk som var vande med havet. Med andre ord var dette ein perfekt stad for Nordsjøfarten, den illegale båttrafikken mellom Norge og Storbritannia under andre verdskrigen. Dette skulle bli Telavåg sin skjebne. Ein aprildag i 1942 kom to agentar over frå Storbritannia til Telavåg. Her vart dei haldne i skjul av lokale bygdefolk. Ein angjevar fekk snusen i dette og varsla Gestapo. Då dei kom til Telavåg vart det kamp. Den eine av dei norske agentane og to Gestapo-offiserar vart drepne. Nokre dagar seinare tok den tyske okkupasjonsmakta ei grufull hemn. Kvart einaste hus, uthus og naust vart sprengde og brent ned. Kvinner, barn og eldre blei tatt til fange. Alle menn mellom 16 og 60 år vart sende i tyske konsentrasjonsleirar. Berre halvparten kom tilbake.

Utstillingar:
Museet har utstillingar om Telavågtragedien og Nordsjøfarten under andre verdskrigen. Her får du sjå sjeldne gjenstandar og autentiske bilete. Ein av båtane som kryssa Nordsjøen er òg utstilt.

Film:
I museumsfilmen Tragedien i Telavåg blir du betre kjend med historia i møte med folk som var med på Nordsjøfarten, og nokre av dei som opplevde Telavågtragedien som barn.

Audioguide:
Vi anbefaler alle å låne audioguide. Der er det historier og intervjuar som utfyller utstillingane. Audioguiden er på norsk, engelsk og tysk og er gratis å låne. Ein kan bruke eigne headset eller kjøpe eit på museet for kr 10.

Kafé og butikk:
I butikken finn du litteratur og eit flott utval av gåver og suvenirar. Mykje er produsert lokalt. I kaféen kan du nyte ein spektakulær utsikt mot havet og det gjenreiste Telavåg. Den svale terrassen er ei perle i godt sommarvêr. Til dagleg kan du kjøpe nysteikte lappar og kaffi. Grupper som bestillar på førehand kan tinge eit større utval av mat.

Tilgjenge:
Museet er universelt utforma. Alle område er tilgjengeleg med rullestol. Det er audioguide tilgjengeleg og teleslynge i auditoriet. HC-parkering ved inngangen.

AKTIVITETAR OG FASILITETAR: 

Digital omvising i bygda med app:
Museet er og ein minnestad for dei falne frå Telavåg. Ved hjelp av mobilapplikasjonen «Telavåg 1942» kan ein bli guida rundt til dei historiske stadene i Telavåg. Appen er på norsk og engelsk. 

Opplev naturen:
Det er fint å kombinera eit museumsbesøk med ein tur i dei mange turløypene i nærområdet. Med museet som utgangspunkt anbefaler vi Bekhilderen og Grana som turmål.

KONFERANSAR, MØTER OG BEVERTNING:

Nordsjøfartmuseet har eit stort og flott lokale med utsikt over Telavåg og havet i vest. Dette utleigelokalet er ei fin ramme rundt matservering og markeringar. Museet har auditorium til presentasjonar og foredrag. Museumsfilm og vandring i utstillingane kan kombinerast med utleige.

Cateringfirma etter eige ynskje kan levera mat til utleigelokala.

Fasiliteter: (maks antall)
Heile kafélokale: 100 gjestar
Del av kafelokale: 25 gjestar
Mottakingar (heile museet, ståande servering): 200 gjestar
Auditorium: 82 gjester    
Møterom: 10 gjestar

Last updated: 01/08/2024

Source: Visit Bergen

Nordsjøfartmuseet i Telavåg - Museum Vest

Sider du nylig har besøkt