VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland ØYGARDEN

Nordsjøfartmuseet i Telavåg - Museum Vest

  • Nordsjøfartmuseet, Øygarden
  • +47 53006150
  •  /  km From You
Overview
Details

Den 30. april 1942 vart det vesle kystsamfunnet Telavåg på Sotra jevna med jorda. Drapet på ein norsk agent og to Gestapo-offiserar utløyste Telavågtragedien.

Motstandskampen som endte i tragedie

Fram til 1942 var Telavåg eit lite og ukjent fiskarsamfunn ytst ved kysten. Her var modige innbyggjarar og sjøfolk som var vande med havet. Med andre ord var dette ein perfekt stad for Nordsjøfarten, den illegale båttrafikken mellom Noreg og Storbritannia under andre verdskrigen.Dette skulle bli Telavåg sin skjebne.Ein aprildag i 1942 kom to agentar over frå Storbritannia til Telavåg. Her vart dei haldne i skjul av lokale bygdefolk. Ein angjevar fekk snusen i dette og varsla Gestapo. Då dei kom til Telavåg vart det kamp. Den eine av dei norske agentane og to Gestapo-offiserar vart drepne. Nokre dagar seinare tok den tyske okkupasjonsmakta ei grusom hemn. Kvart einaste hus, uthus og naust vart sprengde og brent ned. Kvinner, barn og eldre vart først internerte på Storetveit i Bergen, og seinare på Framnes i Hardanger. Alle mennene mellom 16 og 60 år vart sende i tyske konsentrasjonsleirar. Nesten halvparten av dei kom aldri tilbake.

Utstillingar
Museet har ny fast utstilling om Telavågtragedien og Nordsjøfarten under andre verdskrigen, samt skiftande utstillingar medfokus på krig-og fredproblematikk. Her får du sjå sjeldne gjenstandar og autentiske bilete og du kan låne audioguide gratis på norsk, engelsk og tysk.

Aktivitetar og fasilitetar

Film:
Med museumsfilmen «Telavågtragedien» kan du bli enda betre kjend med historia.

Digital omvising med historisk app:
Museet er og ein minnestad for dei falne frå Telavåg. Ved hjelp av mobilapplikasjonen «Telavåg 1942» kan ein bli guida rundt til dei historiske stadene i Telavåg. Appen er på norsk og engelsk.

Opplev naturen:
Det er fint å kombinera eit museumsbesøk med ein tur i dei mange turløypene i nærområdet. Museet tilbyr også tur med guide i dei vakre Nordsjøløypene.

Auditorium og møterom:
Museet har auditorium og møterom og er dermed også eigna for konferansar,seminar, møte, konsertar osv.

Museumskafé-og butikk:
I museumsbutikken finn du litteratur, og eit flott utval av gåver og suvenirar. Mykje er produsert lokalt. I kaféen kan du nyte ein spektakulær utsikt mot havet og den gjenreiste Telavågbygda. På fine dagar kan vi freiste med ein stor terrasse. Til dagleg kan du kjøpe nysteikte lappar og kaker, grupper som bestillar på førehand kan tinge eit større utval av mat.

Museet er universelt utforma. 


  • Last Updated:
  • Source: Visit Bergen

Generelt

Rabatt
  • Bergenskortet
Inngangspris
NOK 70,- p. person (Born gratis)

Opening hours

22. feb. 2021 – 31. des. 2021
sø. 12:00–17:00
See All

Price

Description Price*
Voksen 90,00 Entre
Grupper min.20 pers. 80,00 Entre
Student 70,00 Fri entré
Barn (0-16 år) 0,00 Fri entré
* Price from
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages