Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Bremnes

Nordsjøløypa Løvegapet - Sætrehilleren

Ein fin tur til den gamle fangstplassen Sætrehillaren, som vart brukt i steinalderen. Fine badeplassar i området.

Lengd

Om lag 2 km

Tidsbruk

Om lag 30 min ein veg

Lett terreng

Turomtale

Stien tek av frå riksveg 541 like sør for Løvegapet. Der er tillaga ein liten parkeringsplass.  Stien er tydeleg, men lite merka undervegs, og går i retning Roaldsfjorden. Frå inste vika i Roaldsfjorden, kalla Slettevika, går stien i nordvestleg retning, over eit høgdedrag, til Sætrehilleren. 

Sætrehilleren er ein gammal fangstplass som vart brukt at i steinalderen. Den ligg ca 50m frå stranda. 

Arkeologiske granskingar syner at buplassen har vore i bruk frå steinalder og fram til folkevandringstid  (500-600 åra etter Kristus). I kulturlaga var det bålrestar og avfall frå buplassen. Det vart funne skjel og sneglehus, bein av fisk, fugl og dyr. Djupast og heilt nede ved fjellet låg anglar av bein frå steinalderen. Øverst i kulturlaga vart det funne ein kam av bein med runeinnskrifta "Hal mar maunar ala ma alu nana" (Hill deg nøy blant møyer, vern (lykke) for nana). 

Både i Slettevika i Roaldsfjorden og Sætrevika er det fine badeplassar!

Kilde: Region Sunnhordland

Nordsjøløypa Løvegapet - Sætrehilleren

Sider du nylig har besøkt