Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Askvoll

Nordsjøporten

  • Bulandet & Værlandet, Askvoll
  •  /  km From You
Overview

Her midt i havgapet, godt vakta av den majestetiske Alden, ligg øyane som perler på ei snor, vakkert bunde saman av 6 bruer og 5240 m veg. Nordsjøporten heiter vegen, som ikkje berre er ein viktig veg for samferdsle og kommunikasjon her ute, men også ei fantastisk reise gjennom øyrika. Det er eit myldrande dyreliv i Sørværet Naturreservat, og er du heldig kan du oppleve både sel, oter, ørn og hjort.

Ta ferja frå Fure/Askvoll til Værlandet, og ta enten bilen, beina fatt eller dra med sykkel over bruene til Bulandet. Fotturen vil ta eit par timar ein veg. Ein dagstur du seint vil gløyme!

Bulandet er det vestlegaste aktive fiskerisamfunnet i Norge, og omfatter 365 øyer og har omlag 260 innbyggere. Bygdemuseet "Bulandet Temapark" gjer eit godt bilete av daglegliv og fiskeri i Bulandet.

I Værlandet bur det ca. 200 innbyggjarar. Fiske og oppdrett er dei viktigaste næringsvegane, men reiseliv og eksport av høgkvalitets naturstein (grønsteinsbreksje) til Italia, er næringar i sterk vekst. Merka turløype til Klettane og pittoresk sjøhusmiljø i Værøyhamna.

I 2012 opna Norsk Sjøfuglsenter på Værøyhamna, vegg i vegg med "Tante Grys Pub". Senteret er eit interaktivt opplevingssenter med skiftande utstillingar.


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages