Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Tælavåg

Nordsjøfartmuseet i Telavåg - Museum Vest

  • Nordsjøfartmuseet, Sund
  • +47 56327440
  •  /  km From You
Overview

Den 30. april 1942 vart det vesle kystsamfunnet Telavåg jevna med jorda. Drapet på ein norsk agent og to Gestapo-offiserar utløyste Telavågtragedien.

Fram til 1942 var Telavåg eit lite og ukjent fiskarsamfunn ytst ved kysten. Her var modige innbyggjarar og sjøfolk som var vande med havet. Med andre ord var dette ein perfekt stad for Nordsjøfarten, den illegale båttrafikken mellom Noreg og Storbritannia under andre verdskrigen. Dette skulle bli Telavåg sin skjebne. Ein aprildag i 1942 kom to agentar over frå Storbritannia, dei vart haldne i skjul i Telavåg. Ein angjevar fekk snusen i dette og varsla Gestap. Då dei kom til Telavåg vart det kamp. Den eine av dei norske agentane og to Gestapo-offiserar vart drepne. Nokre dagar seinare tok den tyske okkupasjonsmakta ein grusom hemn, kvart einaste hus, uthus og naust vart sprengde. Kvinner, barn og eldre vart først internerte på Storetveit i Bergen, seinare på Framnes i Hardanger. Alle mennene mellom 16 og 60 år vart sende i tyske konsentrasjonsleirar, nesten halvparten av dei kom aldri tilbake.

Museet har ny fast utstilling om Telavågtragedien og Nordsjøfarten under andre verdskrigen, samt skiftande utstillingar med fokus på krig- og fredproblematikk.  I tillegg kan ein sjå film om Telavågtragedien og fordjupe seg i eit digitalt bibliotek. Museet er og  ein minnestad for dei falne frå Telavåg. Ved hjelp av mobilapplikasjonen «Virtuell vandring i Telavåg» kan ein bli guida rundt til dei historiske stadene i Telavåg. 

Fasilitetar

Museet har auditorium, møterom, ein eigen museumskafe-  og butikk. Staden er dermed også eigna for konferansar, seminar, møte, konsertar o.s.b.


  • Last Updated:
  • Source: Bergen Reiselivslag
Inngangspris
NOK 70,- p. person (Born gratis)
Click to activate
Sund, Norway
The latitude and longitude
60° 15' 15" N / 4° 59' 21" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad