Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Sveio

Nordsjøløypa Mølstrevåg - Buavåg

  • +47 53748000
  •  /  km From You
Overview

Nordsjøløypa Mølstrevåg - Buavåg


Nordsjøløypa (The North Sea Trail) er ei internasjonal turløype som går gjennom sju land rundt Nordsjøen. I Hordaland går løypa frå Fedje i nord til Sveio i sør. Nordsjøløypa bind saman gamle ferdsleårer og vandringsvegar gjennom kulturlandskapet. I Sveio går turen frå Mølstrevåg til Buavåg - delvis på sti, og delvis langs riksvegen. Detaljert turskildring med mykje spennande lokalhistorie finn du på http://nordsjoloypa.ivest.no/sveio.htm


 Mølstrevåg – Ryvarden       2,5 km, ca 40 min.
Startar du frå Mølstrevåg går første etappe på grusveg til Ryvarden. Mølstrevåg er ein gammal handelsstad som i dag er prega av industri. På Ryvarden er det ope galleri og kafe i den gamle fyrstasjonen kvar søndag frå påske til jul. I sommarsesongen er opningstidene utvida. På Ryvarden er det òg høve til å overnatta, og besøka ”verdas minste museum” i Flòkeløa, der historia om Ramna-Flòke, som reiste til Island og gav øya namn, blir fortald. Sjå www.ryvarden.no og http://nordsjoloypa.ivest.no/molstervag.htm.


 Ryvarden – Lyngholm 4 km, ca 1,5 t.
Turen går nordover frå Ryvarden gjennom ope kystlandskap med lynghei og svaberg. Ta gjerne turen oppom Landsåt, med flott utsikt i alle himmelretningar. Langs ruta kan ein òg ta avstikkaren til gravrøysa like innanfor fyrlykta på Håskru (ca 15 min. kvar veg) og gravrøysa Kongsvarden frå bronsealderen. Les meir om området på http://nordsjoloypa.ivest.no/ryvarden.htm.


 Lyngholm – Eltravåg – Hovda 6,5 km, 2,5 t.
Til Lyngholm kjem ein gjennom eit gardstun og ut på Lyngholmsvegen. Turen går langs vegen eit stykke, før løypa tek av på sti forbi Grøndalen og Vikjå til Eltravåg. Her går det igjen på veg til hyttefeltet Sletto, der ein går på sti gjennom garden Nesheim. Her bygde tyskarane ein festning, og den som vil utforska området kan finna eit utal bunkerar, kanonstillingar og skyttarstillingar i området. Frå Nesheim kryssar stien vegen og går gjennom kulturlandskap med beitedyr til Hovda, der ein kryssar vegen att. Sjå http://nordsjoloypa.ivest.no/eltravag.htm.

”Gullstien” Hovda – Buavåg 2,5 km, 1t.Stien går gjennom gammalt kulturlandskap på garden Hovda ut til gullgruva, der det blei utvunne gull på 1870-talet. Stien held fram til Buavåg, der gullet blei tatt ut av den gullhaldige steinen. Her står eit 200 år gammalt sjøhus som blei brukt til bøkkarverksemd, sildesalteri, butikk og bustad. Frå Buavåg går det ferje til Langevåg på Bømlo, der Nordsjøløypa held fram. Sjå http://nordsjoloypa.ivest.no/hovda.htm.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Click to activate
Sveio, Norway
The latitude and longitude
59° 31' 25" N / 5° 15' 32" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad