Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway

Nordsjøløypa mellom Glesvær og Telavåg

  • +47 56320200
  •  /  km From You
Overview

Bli med på tur gjennom eit av dei røffaste, mest vêrharde og mest spektakulære kystlandskapa i Noreg. Golta kan vera ein sovande steinørken i stille solgangsbris, men òg eit rasande inferno av vind, frådande sjø og 10-15 meter høge bølgjer. Her får du sjå uthus for både dyr og menneske. I dei gamle Selstøbuene låg folk på vakt for å fanga fiskestimar som kom inn i sundet. Med ein avstikkar frå hovudløypa kjem du heilt ut i havgapet, der neste stopp vestover er Shetlandlandsøyane. Turen er 10 – 11 km, ca. 2,5 - 3 timar i jamn gange utan pausar.

Start turen med ei oppleving av handelsstaden Glesvær. Følg vegen ein snau kilo-meter nordvestover til Golta. Her finn du ei orienteringstavle som fortel om Nordsjø-løypa og litt om områda omkring. Ta inn på den merka stien, gå eit lite stykke aust-over, ned mot Litletjørna. Vidare oppe på høgda er det fin utsikt vestover langs Goltasundet. Her kjem du inn på ein sti frå Glesnes gard. Dette er den gamle ferdslevegen mellom Glesnes og Telavåg. Nede i Hølen går stien forbi eit gamalt sauetøkje, langs ein steingard og så vestom Goltatjørna.

Nordover frå Goltatjørna går løypa forbi Lauvatnet i Vassvika og opp til Øvre Løten. Her står det framleis att to telefonstolpar frå den første telefonlina som følgde den gamle ferdslevegen gjennom utmarka. Terrenget er fritt for skog, med lynghei og myrar. I myrane ser du framleis mange av torvhølane, der dei tok torv til brensel i gamal tid.

På turen vidare kjem du til Stovevatnet og Sandviksvatnet/Grudnavågsvatnet, der du passerer gjennom Eidet. Vidare går du gjennom ei opning i steingarden og opp ei kløft i den elles bratte fjellveggen. Vel oppe får du eit flott utsyn, før du held fram mot botnen på Selstøvågen. I Selstøvågen står eit gamalt kvernhus, ei lita steinbu og eit sauetøkje. Litt lengre vest står to gamle fiskebuer. Kverna og buene var dei einaste bygningane som stod att i Telavåg etter tragedien under andre verdskrigen.

På Selstø møter du bilveg. Følgjer du han og tek til høgre i to kryss, er du oppe ved fylkesvegen som fører til Telavåg og til Nordsjøfartmuseet. Du kan òg gå ei ytre løype vest for Goltatjørna, ved å følgja ein annan sti langs Goltasundet. Stien går i nærleiken av dei gamle fiskebuene i Goltasundet, og du kjem vidare heilt ut i havgapet før du tek nordover og kjem inn att i Nordsjøløypa nord for Grudnavågen.

For fleire turar sjå www.sotraoygard.
Nordsjøløypa lar deg følgja gamle vandringsvegar gjennom kulturlandskap og historiske miljø. Løypa går gjennom alle dei tre kommunane Fjell, Sund og Øygarden. Turen mellom Glesvær og Telavåg er en del av Nordsjøløypa i Sund.


  • Last Updated:
  • Source: Bergen Reiselivslag
Click to activate
Sund, Norway
The latitude and longitude
60° 12' 15" N / 5° 2' 24" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad