Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Stolmen

Nordsjøløypa på Stolmen

  • +47 55081000
  •  /  km From You
Overview
Details

Stad: Stolmen 

Start og sluttpunkt: Årland eller Kvalvåg (rundtur)


Parkering: Parkering ved butikken på Årland,  parkeringsplass i Kvalvågen. Evt kan ein parkere langs vegen der det er forsvarleg.


Merking: Løypa er merka etter ny nasjonal standard med blå N på kvit bakgrunn, blå N på steinar ellers grønne skilt med stadsnamm.


Gradering: Blå Lett fottur.


Høgdeskilnad: 10 moh-60 moh (Såto)


Tidsbruk: 1,5 - 2 t (rundtur på6 km.)


Gode råd: Nokre våte parti, bruk høvelege sko.


Turomtale: Frå parkeringsplassen oppe i Kvalvågen følgjer ein godt merka sti forbi enden av Stangelandsvatnet og vidare ned i Mølnevika. Følg stien og skilta merkt med blåe N`ar som går oppover og ta mot vest på toppen. Følg skilta mot Såto, Stolmens topp.
Ta deg tid til nokre stopp undervegs, og nyt utsikta etterkvart som den opnar seg.


Det er merkbart mange vatn på Stolmen:Venavatnet, Longavatnet, Aravatnet og  Årlandsvatnet er berre nokre av dei du får sjå.


Det er heller ikkje sjeldent at ein kan sjå havørn i denne løypa, særleg her ytterst mot havet kan den majestetiske fuglen visa seg  fram for turgåare.


 Frå Såto kjem kystlandskapet til sin fulle rett. Her har eit fullt utsyn mot storhavet i vest.


Når ein står på Såto kan ein velja å ta ein avstikker på2 km. ned til Grøntuo. På Grøntua stod to store lyttastasjoner under 2.verdskrig. Det er dessverre berre fundamentet som står att idag, resten vart fjerna på 70- talet. På Grøntua kan ein sjå bilete av stasjonane i sin heilhet.


Nordsjøløypa tek oss vidare sør ein par kilometer før me kjem inn på ”Samsonstykket”. Her står huset til Samson Årland  omkrinsa av nokre fantastiske murar som han nytta til å verne seg og vekstene sine. Samson vart sendt i 1.verdskrig frå amerika og kom heim, godt prega,  til Stolmen som 45 åring. Samson var kjent som ein fantastisk arbeidskar, han dyrka fram både gresskar, kål, poteter, gulerøtter, neper og bær. Legg merke til den store opne marka på vegen ut av Samsonstykke, her var alt mark dyrka og i bakgrunn kan ein sjå korleis han rydda stein for å få le frå vinden. Eit historisk handarbeid.


Frå Samsonstykket går ein ned mot Årland og må då fylgja asfalten eitt par kilometer attende til parkering i Kvalvågen. Ein går då forbi skulen på Stolmen, her budde nokon av dei 300 tyskarar som budde på øya frå 1940-1945, til samanlikning var det 200 fastbuande på øya. Ein kan og sjå lyttestasjonen på Grøntua tvers over vegen frå skuleplassen.


Nordsjøløypa på Stolmen er ein  tur ein bør få med seg om ein besøkjer Stolmen for fyrste gong eller om ein vil friske opp att  i gode, gamle minner frå ei svunnen tid.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Middels

Utendørsaktiviteter

Fottur
  • Merkede turstier

Facts

Effort Level
Medium
Click to activate
Austevoll, Norway
The latitude and longitude
60° 0' 41" N / 5° 5' 0" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad