Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Stord

Nordsjøløypa Stord

  •  /  km From You
Overview
Details

Vandringsvegen
Leirvik – Øvre Økland – Klovfjellet – Sæterbø - Rydland (ca. 16 km.)

Frå Leirvik kan ein koma til Øvre Økland via Landåsen, Kannelønning og langs vestsida av
Ådlandsvatnet. Alternativt kan ein gå på andre sida av Årlandsvatnet frå Leirvik.

Gardane Vatna og Øvre Økland vart truleg tekne opp for over 2000 år sidan. Lenge hadde dei setrar oppe i Vatnadalen.
Frå Øvre Økland går ein grusveg nordover langs elva og i retning stemma i Vatnadalen.
Vatna elektrisitetsverk kom i 1912-13, og var i fyrstninga privat. Anlegget gav då 105 kW straum, som for det meste gjekk til Leirvikområdet.

Heradet kjøpte el-verket i 1918 og bygde det vidare ut, det kom mellom anna opp ny demning. Frå 1961 vart
Ravatnet basseng for Stord vassverk. I vegkrysset ved demninga tek du vidare oppetter dalen. Omlag midtvegs mellom demninga og Ravatnet tek løypa av frå grusvegen, og vestover ved retningsskilt
merka Prestastegen.

Stien går bratt oppover gjennom skogen i retning Klovfjellet. Oppe frå den skogkledde lia er det vakker utsyn mot
gardane på søraustsida av Stord, og utetter Halsnøyfjorden.

Omlag 400 m.o.h. tek skogen slutt og snaufjellet ligg framføre deg. Herifrå kan fjella i nordaust; Stovegolvet og Skorafjellet skodast som mektige formasjonar. Heilt oppe på fjellplatået er det utsikt også vestover mot
Bømlo, Fitjarøyane og havet. Høgste punkt påKlovfjellet er 518 m.o.h.
Stien går vidare, i nordvestleg retning, nedover gjennom nakent fjellterreng.

Framføre deg, lenger nede, ligg vide beitesletter med litt furuskog innimellom.
Det er mogeleg å ta ein avstikkar mot Prestavarden, 422 m.o.h.


Vel nede på beiteslettene er det lett å gå, først i retning Sæterbølio, og vidare gjennom denne. Prestastegen møter bilvegen til Sæterbø like utanfor innmarka til garden. Frå Sæterbø har ein valet mellom å fylgja bilvegen eller å
gå gjennom skogen til Rydland.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Utfordrende
  • Middels
Årstid
  • Hele året

Utendørsaktiviteter

Fottur
  • Korte vandreturer (1-4 timer)
Click to activate
Stord, Norway
The latitude and longitude
59° 46' 46" N / 5° 30' 1" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad