Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Stord

Nordsjøløypa Stord

Turveg ved Ådlandsvatnet på Stord

Ein flott tur på om lag 16 km som tek deg forbi gamle gardar, gjennom skog og opp på Klovfjellet med utsikt over nesten heile Sunnhordland før du kjem ned til Rydland.

Vandringsvegen
Leirvik – Øvre Økland – Klovfjellet – Sæterbø - Rydland (ca. 16 km.)

Frå Leirvik kan ein koma til Øvre Økland via Landåsen, Kannelønning og langs vestsida av
Ådlandsvatnet. Alternativt kan ein gå på andre sida av Ådlandsvatnet frå Leirvik.

Gardane Vatna og Øvre Økland vart truleg tekne opp for over 2000 år sidan. Lenge hadde dei setrar oppe i Vatnadalen. Frå Øvre Økland går ein grusveg nordover langs elva og i retning stemma i Vatnadalen. Vatna elektrisitetsverk kom i 1912-13, og var i fyrstninga privat. Anlegget gav då 105 kW straum, som for det meste gjekk til Leirvikområdet.

Heradet kjøpte el-verket i 1918 og bygde det vidare ut, det kom mellom anna opp ny demning. Frå 1961 vart Ravatnet basseng for Stord vassverk. I vegkrysset ved demninga tek du vidare oppetter dalen. Omlag midtvegs mellom demninga og Ravatnet tek løypa av frå grusvegen, og vestover ved retningsskilt merka Prestastegen.

Stien går bratt oppover gjennom skogen i retning Klovfjellet. Oppe frå den skogkledde lia er det vakker utsyn mot gardane på søraustsida av Stord, og utetter Halsnøyfjorden.

Omlag 400 m.o.h. tek skogen slutt og snaufjellet ligg framføre deg. Herifrå kan fjella i nordaust; Stovegolvet og Skorafjellet skodast som mektige formasjonar. Heilt oppe på fjellplatået er det utsikt også vestover mot Bømlo, Fitjarøyane og havet. Høgste punkt påKlovfjellet er 518 m.o.h. Stien går vidare, i nordvestleg retning, nedover gjennom nakent fjellterreng.

Framføre deg, lenger nede, ligg vide beitesletter med litt furuskog innimellom.
Det er mogeleg å ta ein avstikkar mot Prestavarden, 422 m.o.h.

Vel nede på beiteslettene er det lett å gå, først i retning Sæterbølio, og vidare gjennom denne. Prestastegen møter bilvegen til Sæterbø like utanfor innmarka til garden. Frå Sæterbø har ein valet mellom å fylgja bilvegen eller å gå gjennom skogen til Rydland.

Last updated: 02/13/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Nordsjøløypa Stord

Sider du nylig har besøkt