Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Kolgrov

Nordsjøløype Utvær

  • Utvær, Solund
  • +47 57743000
  •  /  km From You
Overview
Details

Gå nordsjøløypa på Utvær, Norges vestlegaste punkt.

På dørstokken til Nordsjøen ligg Solund kommune - eit øyparadis med meir enn 1700 øyer, holmar og skjær. Heilt ytterst i havgapet ligg Utvær - lenger vest i Norge kjem du ikkje!

Utvær er eit gamalt fiskevær, og har ei spennande historie som går heilt tilbake til vikingtida. I 1066 segla Harald Hardråde ut frå Solund då han skulle freiste å legge under seg England. 200 skip og dertil proviantskip og småskuter var samla. Soga seier at ein del av skipa gjekk ut frå Utvær. Slaget enda med fall ved Stamford Bridge. På austsida av vågen ser ein merker etter der vikingane slipte sverda sine før dei for i vesterled. I alle år var fisket hovudnæringsveg på Utvær. Kort veg til fiskefelta gjorde været til eit senter i sesongbaserte fiskeri, og på det meste budde det 200-300 menneske her. I dag er det ingen fastbuande på øya, men om sommaren fyller feriefolket husa, og det er liv og røre som i gamle dagar.

Det var i året 1900 det monumentale fyrtårnet vart satt opp. Fyrtårnet i støypejern ragar 31 meter over berget og sender lyskjegla i 45 meters høgde over havflata. Lysblinken kvart 30.sekund når 35 km ut i Nordsjøen.

Nordsjøløypa på Utvær går i lett terreng rundt øya. Løypa startar på kaia, og her du finn du kart og informasjon om øya. Løypa er merka med blå farge, og tar deg med forbi fleire historiske stader - besøk fyrtårnet og sjå merka etter der vikingane slipte sverda sine. Løypa ender i naturhagen Paradis, den gamle kjøkkenhagen til fyrmeisterassistenten.

Korleis komme seg hit:
I sommarsesongen går det guida tur til Utvær frå Hardbakke i Solund. Du kan også reise hit med eigen båt, eller leige skyss av ein lokal båtførar, som også tilbyr guiding undervegs. Kontakt oss på mail@fjordkysten.no for meir informasjon.


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Lett
  • Middels
Årstid
  • Hele året
  • Sommer

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Guiding
Fottur
  • Dagsturer (5-11 timer)
  • Korte vandreturer (1-4 timer)

Facts

Effort Level
Easy
Duration
1-4 hours
Season
Summer
Click to activate
Solund, Norway
The latitude and longitude
61° 2' 9" N / 4° 30' 42" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad