VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland SOGNDAL

Norsk Bremuseum

  • Fjærland, Sogndal
  • +47 45507718
  •  /  km From You
Overview
Details

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten er eit interaktivt museum for heile familien som gir deg kunnskap om brear og klima på ein ny og spennande måte.

Gå ikkje glipp av den fantastiske panoramafilmen om Jostedalsbreen Nasjonalpark, vist på Europas største saumlause lerret, og opplevingsutstillinga om klimaendringar! Bremuseet er prisløna og ligg i fjord- og brebygda Fjærland.

I Bremuseet kan du utføre dine eigne eksperiment med 1000 år gamal is frå Supphellebreen. På museet finn du svar på ofte stilte spørsmål som ”Kvifor er isen blå?” og ”Kvifor er fjorden grøn?”. Museet er også eit offentleg godkjend besøkssenter for Jostedalsbreen Nasjonalpark.

Arkitekten, professor Sverre Fehn, har teikna museet. Fehn mottok Pritzker prisen i 1997 - den viktigaste internasjonale pris ein arkitekt kan få. Museumsbygget har motteke fleire prisar, blant dei den høgste norske arkitekturprisen. Alle utstillingane er tilrettelagt for funksjonshemma.

Bremuseet er ei privat stifting som opna i 1991 og vart etablert av the International Glaciological Society, ulike norske forskingsinstitusjonar på bre og klima og Den norske turistforening. H.M. Dronning Sonja opna museet og meir enn 1,7 millionar personar har vitja museet sidan opninga.

Senteret har presentasjonar på 13 språk: Norsk, Engelsk, Tysk, Nederlandsk, Spansk, Fransk, Italiensk, Russisk, Polsk, Portugesisk, Kinesisk, Japansk og Koreansk.

 

 


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS

Generelt

Tilgjengelighet
  • Tilpasset bevegelseshemmede

Overnatting

Hotellfasiliteter
  • Konferansefaciliteter
Green Travel
The Norsk Bremuseum has obtained certification for their environmental efforts by:
Eco-Lighthouse
Environmental certification of private and public enterprises, also tourism.
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages