Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

TripAdvisor rating of 4.5

29

Norsk fjellsenter | Besøkssenter nasjonalpark

Norsk fjellsenter er eit besøkssenter for nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen med utstilling, museum og butikk.

I hjarta av Lom ligg Norsk fjellsenter, krinsa av høgfjell og eventyr på alle kantar. Norsk fjellsenter er eit besøkssenter for nasjonalparkane Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen. 

På Norsk fjellsenter finn du fleire utstillingar, vitenrom og butikk. Få turtips og informasjon om landskap, planter og dyreliv i nasjonalparkane i området. Bli bergtatt av ein vakker naturfilm på storskjerm, opplev teltplassen til turistpionerane “Tre i Norge ved to av dem”, og møt eit par fullskala mammutar. Lær om geologi og klima i høgfjellet gjennom leik og kjenn på ekte fjellvær med lyn, regn og tåke.

Frose i tid  utstilling med 100 historier frå fortida

Isen smelter i fjella. Fram kjem ting som forfedrane våre gløymde eller mista på jakt og reise for fleire tusen år sidan. Over halvparten av alle brearkeologiske funn er gjort i Innlandet, og 100 av desse er utstilt på Norsk fjellsenter i Lom. «Frose i tid» er Noreg si største utstilling av funn frå isen. Her får du blant anna sjå:

• Verdas best bevarte forhistoriske skipar med bindingar
• Skjelettet av ein 500 år gammal hund med halsband
• Sverd, øks og pilspissar frå ei vikinggrav
• Ein 6100 år gammal pilbit frå eldre steinalder
• Noreg sin eldste sko – 3300 år gammal
• Eit spyd frå vikingtida, som er over to meter langt
• Ein 1100 år gammal vott av saueull

Norsk fjellsenter har ope kvar dag gjennom sommarsesongen. Sjå nettsida for andre opningstider.

Kontakt: 

T: +47 61 21 16 00

E: post@norskfjellsenter.no

N: www.norskfjellsenter.no

Last updated: 02/12/2024

Source: Visit Jotunheimen AS

Norsk fjellsenter | Besøkssenter nasjonalpark

Sider du nylig har besøkt