
Norsk fjellsenter er eit fjellmuseum og besøkssenter for Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen. Her kan du sjå Norge si største samling av brearkeologiske funn og lære om korleis fjellet har forma livet gjennom tusenvis av år.
Norsk fjellsenter er eit kunnskaps- og opplevingssenter for nasjonalparkane, og ein stad kor folk og fjell møtes. Her kan du utforske utstillingar om fjellnatur, klima, kulturhistorie og friluftsliv, sjå Noreg si største samling av brearkeologiske funn – gjenstandar som har lege i isen i tusenvis av år Her får du informasjon og inspirasjon til turar i fjellet, med fokus på tryggleik og berekraft, og du kan delta på aktivitetar, kurs og foredrag knytt til fjellkunnskap. Norsk fjellsenter har òg butikk med bøker og kart, gåveartiklar, lokale handverksprodukt, tursutstyr etc. Senteret ligg midt i Lom sentrum og er ein viktig port til fjellheimen for både turistar og lokalbefolkning. Norsk fjellsenter er ope kvar dag heile sommaren (frå mai -oktober) , og onsdag - fredag gjennom vinteren (ca. november - mai).
Kilde: Visit Jotunheimen AS