Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Nordfjord Eid

Norsk Fjordhestsenter

  • +47 57864800
  •  /  km From You
Overview
Details

Norsk Fjordhestsenter er nasjonalt kompetansesenter for Norges nasjonalsymbol – Fjordhesten, og det er ikkje tilfeldig at det er lagt til Nordfjordeid.

Nordfjordeid vert kalla fjordhestens Mekka. Årsaken er historisk, med dei lange og gode hestetradisjonane som bygda er kjent for. Det har vore arrangert hingsteutstilling her sidan 1886. I dag er fjordhestmiljøet aktivt med mange oppdrettarar og eigarar av fjordhest. Det er i dette tradisjonsrike hestemiljøet at Norsk Fjordhestsenter er plassert, og det er ikkje uvanleg å møte fjordhest langs vegen.

Norsk Fjordhestsenter er eit kompetansesenter for fjordhesten, med informasjons- og rådgivingsteneste for alle forhold rundt denne heilnorske hesten. Ei av hovudoppgåvene er å fremje avl og bruk av fjordingen. Det er også stor kursaktivitet ved senteret gjennom året, og Fjordane folkehøgskule har si undervisning her.

Vår og sommar er det høg aktivitet ved seminstasjonen.

Norsk Fjordhestsenter vart oppretta i 1989 og er eigd av Norges Fjordhestlag, Eid kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

 

Norsk Fjordhestsenter har aktivitetar gjennom heile året, og er fast undervisningsstad for Fjordane folkehøgskule. Vår og sommar er det høg aktivitet ved seminstasjonen der hopper frå heile landet får tilbod om inseminering frå gode fjordhesthingstar. Alle er velkome innom for ein hesteprat og for å sjå på anlegget. Aktiviteten vil variere alt etter kor mange hestar som er på beite, og andre oppgåver ved senteret.

 

Ridetimar, måndag-fredag kl 10-14              200 kr

Det er mogeleg å bestille ridetimar ved senteret. Vi tilpassar hest og aktivitet etter rytter.

For meir informasjon og booking av ridetimar, trykk her.

 

Leietur ved Norsk Fjordhestsenter, måndag-fredag kl 10-14        200 kr

Leieturar i området kring Norsk Fjordhestsenter passar godt for barn som ønskjer ei trygg oppleving på ein av fjordhestane våre.

For meir informasjon og booking av leietur ved Norsk Fjordhestsenter, trykk her.

 

Rideturar i Hjelmelandsdalen, ettermiddagar kl 16           700 kr

I samarbeid med Harpefossen skisenter har vi rideturar i Hjemelanddsdalen.

Turane går langs den Gamle Trondhjemske Postvegen og tek omlag 2-2,5 timar i skrittetempo. Aldersgrense 9 år.

For meir informasjon og booking av rideturar i Hjelmelandsdalen, trykk her.

 

Omvisingar

Presentasjon av fjordhesten og omvising på Norsk Fjordhestsenter. For grupper kan vi skreddarsy opplegg og tilpasse tidspunkt.

Bestill på førehand på booking@norsk-fjordhestsenter.no eller telefon 57 86 48 00. Norsk Fjordhestsenter tilbyr også skysskøyring med fjordhest,

tek imot grupper og skreddarsyr andre aktivitetar. Tak kontakt for ledige datoar og prisar.

Norsk Fjordhestsenter Myroldhaug

Tlf 57 86 48 00

post@norsk-fjordhestsenter.no

• Ridetimar og leieturar kvardagar 10-14

• Rideturar i Hjelmelandsdalen kvar ettermiddag

• Omvisingar etter avtale

 

Fjordhesten

Fjordhesten er ein av dei norske hesterasene og har streke røter i Nordfjord og på Vestlandet. Den er ein av tre nasjonale hesteraser, og vert rekna som Norges nasjonalhest.

Rasen er rekna som ei av dei eldste hesterasenene i verda, og har mange primitive kjenneteikn vi berre finn på villhesten przewalskihesten, til dømes mørk stripe langs oversiden (midtstol, ål og halefjær) og mørke tverrstriper på beina. Ein fjordhest er frå 135 til 150 cm høg Fjordhesten er nøysom, hardfør og utholdende og sikker på foten i bratt og ulendt

terreng. Tradisjonelt har hesten vore brukt til skysskøyring og landbruk, men er i dag ein aktiv konkurransehest.

Sjølv om rasen er gamal har det berre vore organisert avl sidan midten på 1800-talet. Nordfjordeid har vore sentrum for avlen, og mesteparten av tida har dei tradisjonsrie hingsteutstillingane vore arrangert her. I dag held både Norsk Fjordhestsenter og Norges Fjordhestlag til på Nordfjordeid.

 

Rosendalsborken  (f. 1863) er den fyrste stambokførte fjordhingsten.

Han deltok på ei internasjonal

landbruksutstilling i Hamburg då han var 20 år, og er i dag hesten

i logoen til Norges Fjordhestlag.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Nordfjord

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Riding
  • Rideturer
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad