3
Norsk Hjortesenter

Ei omvisning blant dyra på Norsk Hjortesenter vil gje deg ei oppleving du seint vil gløyme.
Norsk Hjortesenter ligg idyllisk til på Kvalstad Gard på sørsida av øya. Dei driv med oppdrett av hjort og dåhjort. Låven på garden huser i dag moderne konferanserom til 40 pers, serveringslokale til 140 pers, viltslakteri og kjøkken.
Her kan du ha møter og ete nydeleg mat i fred og ro, utan å bli forstyrra av verken andre folk eller mobiltelefonen din. Ei omvisning blant dyra vil gje deg ei oppleving du seint vil gløyme.
Bli med på foring av hjortenKvar tysdag i perioden 28. juni - 2. august kan du bli med på foring av hjorten på Norsk Hjortesenter. Billetta finn du i bookinglinken over.
Slik går turenKorleis komme seg til Norsk Hjortesenter
08:45 Avreise med rutebåten frå Fugleskjærskaia i Florø til Svanøybukt
Leig sykkel enten på Svanøy Kro eller Turistinformasjonen i Florø.
09:45 Ankomst Svanøybukt
Sykle 5 km til Norsk Hjortesenter
10:30 Foring av hjorten på Norsk Hjortesenter
Utforsk Svanøy etter foring, og nyt eit betre måltid på Svanøy kro
15:20 Avreise Svanøybukt
15:50 Ankomst Florø
Ønskjer du å tinge bilskyss?
Det er mogleg å tinge skyss til og frå Norsk Hjortesenter.
Pris: 250,- per veg.
Kontakt: hjort@hjortesenteret.no
- Tilpasset bevegelseshemmede
- Sommer
- Gjesteparkering
- Gratis WiFi
Kilde: Visit FjordKysten og Sunnfjord
Norsk Hjortesenter